Misjonskirken Betlehem utset samlivssaka på nytt, denne gongen på ubestemt tid
MISJONSKYRKJA: Oslo misjonskirke Betlehem var godt i gang med å diskutere om personar i likekjønna samliv kunne bli medlemmar hjå dei. For andre gong utset dei vidare arbeid med saka.
KLOKT: Erik Andreassen og resten av leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem vedtok i januar at dei meiner det er «klokt å kople oss på og delta i dei samtaler og prosessar som skjer i Misjonskirken Norge og ikkje gjera vedtak lokalt på noverande tidspunkt».
Morten Marius Larsen
Oslo misjonskirke Betlehem har vedteke å ikkje gjera eigne vedtak i samlivssaka før Misjonskirken Norge sentralt har landa på eit standpunkt. Det stadfestar pastor og dagleg leiar i Oslo-kyrkjelyden, Erik Andreassen til Vårt Land.
I desember vedtok kyrkjelyden å vente på Misjonskirken Norge sin plan for behandling av saka om samlivsetikk og homofilt samliv, noko som blei drøfta i Hovudstyret i februar.
Men før det kom så langt vedtok leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem i slutten av januar å avvente vidare avgjersler på ubestemt tid.