Misjonær ville ikkje sende barna sine på internat – opplevde å bli stempla som illojal

MISJONÆRBARN: Då Kari Hals og familien skulle reise ut som misjonærar til Etiopia, var det uaktuelt å sende sjuåringen på internat ei dagsreise frå foreldra. Det var det ikkje alle som lika.

,
MISJONÆRMOR: Kari Hals fortel at hun blei møtt av ei kald skulder da ho som misjonær ikkje ville sende bort barna sine til internatskule. – Men eit par mødrer sa kor einige dei var med meg då ingen andre høyrde på, fortel ho.
Publisert Sist oppdatert

– For oss var det sjølvsagt at me ikkje skulle sende ein unge på sju år fleire titals mil av garde, for å sjå ho nokre gonger i året. Det går imot alt me veit om barns psykologi, seier Kari Hals.

I 1974 reiste høggravide Hals, dei to barna og hennar dåverande ektemann til Etiopia som misjonærar for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Der var dei i fire turbulente år med borgarkrig og statskupp, før dei blei evakuerte heim til Noreg. Tanken var å ha eit fireårig heimeopphald, før dei reiste tilbake til misjonsmarka.

Men det var noko som skurra for misjonærparet. I løpet av dei siste åra hadde dei fått to barn til, og dei tre eldste hadde nådd skulealder. Og i provinshovudstaden Arba Minch, der sjukehuset mannen jobba på låg, var langt unna norsk skule. Den låg i Addis Abeba, ei dagsreise unna på dårlege vegar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP