Når det stormar

MISJONSSAMBANDET: Berre to dagar etter det blei klart at Øyvind Åsland går av som generalsekretær i Misjonssambandet, hadde han siste dag på kontoret. Vårt Land blei med Ottosen og generalen på innspeling av siste episode av podkasten med same namn.

– Når det stormer, når det stormer, når det stormer rundt omkring.

Øyvind Åsland syng ei strofe på den kristne barnesongen frå stolen sin i podkaststudioet.

– «Gud er steeerk», kjem det til svar inne frå personalsjef Kari Margrethe Solvang inne på kontrollrommet.

Dei ler litt. Er fullt klare over kor passande teksten er. Det er eit lystig, lite avbrekk i ein elles stormfull dag.

Dei 16 gradene, den sure vinden og grå himmelen utanfor kan nok ikkje kallast ein storm, men det er langt frå sol frå skyfri himmel som Yr hadde lova.

Å spela inn den femtiande, og siste, episoden av podkasten «Ottosen og Generalen», blir den siste planlagde arbeidsoppgåva som generalsekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet) for Øyvind Åsland.

Det er torsdag, og berre to døgn sidan det blei klart at Åsland er ferdig som generalsekretær. Offisielt har han den daglege drifta av misjonsorganisasjonen på sine skuldrer ut sundagen. Men alt i morgon tidleg reiser han til utlandet med kona. Han vil ikkje fortelje til kvar eller for kor lenge, men lovar at returbilletten er bestilt.

12.05.22 Øyvind Åsland går av som generalsekretær.

Trykt stemning

Nokre minutt før har me blitt slopne inn i det staselege bygget i Sinsenveien 25, men berre så vidt.

Solvang let oss ikkje koma mange metrane inn i hovudkontoret til misjonsorganisasjonen før me får streng beskjed om å vente.

Frå fleire hald har me høyrt skildringar av ei trykt stemning på huset, og djupt prega medarbeidarar. Av omsyn til dei har me på førehand fått beskjed om at me ikkje får lov å gå rundt i gangane eller sleppe inn på kontoret til den avtroppande generalsekretæren.

Eg synest det har vore veldig vanskeleg å vita kor tydeleg eg kan vera eller kva det er greitt å seie.

—  Espen Ottosen

I foajeen står ei kaffimaskin, saman med kakestykke. Ein forsmak på 17. mai, blir det spøkt med, men nærmare sanninga er det nok at det er fordi dette er den siste dagen på kontoret for den øvste sjefen deira gjennom tolv år.

Reiser vekk med kona

For Åsland er det å ha siste dag på kontoret ei blanda kjensle. På den eine sida er det vemodig, ikkje minst å seie farvel til nære medarbeidarar gjennom mange år. Samstundes kjenner han ei stor lette. Han legg ikkje skjul på at den siste tida i sjefsstolen har vore krevjande.

– No er ikkje dette mitt ansvar lenger, og eit nytt kapittel byrjar.

Det ville vore ei rar kjensle på måndag morgon ikkje å gå frå leilegheita bort til det hundre år gamle kontorbygget. For å utsetje nettopp den kjensla har han heller valt å reise vekk.

– Det blir godt å få ting litt på avstand. Vera nokre veker vekke, berre eg og kona mi.

Frittalande Ottosen

Informasjonsleiar i Misjonssambandet, Espen Ottosen, er Åslands makker i podkasten. Til saman er dei til no 49 episodane lasta ned nesten 150.000 gonger. I tillegg kjem dei som ser videoversjonen.

Viss du meiner eg har vore uproff? Heilt greitt. Eg skjønar det. Eg tek den.

—  Espen Ottosen om tilbakemeldingar dei siste dagane

Dei to leiarane er omkransa av kamera og ljoskastarar. Ifylgje Ottosen kan det bli ein «kontroversiell episode». Inne på kontrollrommet fylgjer personalsjef Solvang med, saman med mellom anna produsenten og ein Utsyn-journalist.

– Du har skrive under på ei slik tausheitsgreie. Det har ikkje eg. Som du kanskje har oppdaga, seier Ottosen.

Han ser på Åsland, og begge ler.

– Nei, du har vore relativt fritalande, medgjev Åsland.

12.05.22 Øyvind Åsland går av som generalsekretær.

Til Vårt Land har informasjonsleiaren sagt at han på førehand var redd for at Åsland skulle bli pressa ut av stillinga si.

– Eg synest det har vore veldig vanskeleg å vita kor tydeleg eg kan vera eller kva det er greitt å seie, fortel Ottosen.

Han har blitt fortalt i fleire meldingar at folk opplever utspela hans til støtte for Åsland som uprofesjonelle.

– Eg meiner at dette ikkje ser bra ut, og at det er uheldig for organisasjonen. Og det har eg tenkt at må vera lov å seie. I alle fall «in the heat of the moment». Me er ein del som har stått deg nær som er opprørte, oppgitte og frustrerte. Me må i alle fall akkurat no når det skjer ha høve til å seie noko om det, meiner Ottosen.

– Eg blir ikkje spesielt åndeleg når eg har det tungt.

—  Øyvind Åsland

Han skildrar alle omsyna til lojalitet han må ta som å stå i ein skvis.

– Her er det litt vanskeleg å navigere. Men eg har lyst å seie til dei som høyrer eller ser på dette: viss du meiner eg har vore uproff? Heilt greitt. Eg skjønar det. Eg tek den.

– Det er ikkje lett for nokon av oss å vita heilt korleis ein skal oppføre seg eller kva som er greitt å seie og ikkje. Så det er klart at det er ein krevjande situasjon, repliserer Åsland.

Mange som ynskjer svar

I ein av ljoskastarane over hovudet deira prøvar ein møll desperat å koma endå tettare på ljospæra. Ein høyrer låg mumling gjennom døra inn til kontrollrommet.

Ottosen gjer fleire tapre forsøk på å få ut informasjon frå sjefen sin. Dei blir stort sett møtt med variantar av at den mykje omtalte sluttavtala med hovudstyret hindrar han i å seie noko. Men det er tydeleg at han kunne tenkje seg eit større rom til å fortelje si side.

– Det er kjedeleg at eg ikkje kan utdjupe kva samarbeidsproblema går ut på. Det er det mange som ynskjer svar på, og det forstår eg godt.

For Åsland har det vore viktig å seie at det ikkje er varslingar som gjer at han sluttar.

12.05.22 Øyvind Åsland går av som generalsekretær.

– Dei er behandla og ferdig avklarte. Ofte når ein leiar går såpass brått, så tenkjer folk sitt, og ofte kan det stemme at her er det økonomisk misleghald eller i verste fall seksuelle overgrep som gjer at her må det skjer raskt. Men det er ikkje tilfelle her, heldigvis, seier Åsland.

– Det er det som ligg litt bak mitt engasjement også, legg Ottosen til.

– Det at nokon i Misjonssambandet går på dagen, som du omtrent gjer, det skjer eigentleg berre når ein har gjort noko veldig, veldig alvorleg. Og då vil eg prøve å få sagt at, her er det ikkje det. Likevel har hovudstyret valt ei løysing som ser brutal ut. I alle fall frå utsida. Og det synest eg er problematisk.

Dei snakkar seg vidare gjennom Emil André Erstad si nye bok, Mørkemann, er innom Haaland sin overgang til Manchester City (berre trist, ifylgje Åsland) og om å «tru når det stormar».

Til sistnemnde konkluderer Åsland med at det er for tidleg å seie om den siste tida har påverka trua.

– Eg blir ikkje spesielt åndeleg når eg har det tungt.

Tjenere kommer og går

Duoen takkar for seg, og tida er inne for å høyre om mannskapet på bakrommet er nøgde.

Eit av Ottosen sine forsøk på å skvise litt meir ut av Åsland enn Solvang set pris på går ikkje gjennom kontrollen og blir klypt vekk.

No står det berre att nokre farvel og ein dobbeltsjekk på om Åsland har hugsa alt han skal, før han går ut døra frå Sinsenveien 25 som general for siste gong.

Ute har skyene måtte vike for ein blå himmel og ei strålande sol.

Kanskje er det noko i det litt keitete ordspråket Åsland tidlegare siterte for oss:

«Tjenere kommer og går, Misjonssambandet består.»

12.05.22 Øyvind Åsland går av som generalsekretær.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Misjonsliv