Miljøvenleg gravlegging møter katolsk motstand: – Uverdig å behandle menneske som gjødsel
KOMPOSTERING: I fleire delstatat i USA har ein no gjort det lovleg å bruke kompostering for ei miljøvenleg gravlegging av menneske. Uverdig å behandle menneske som eggeskal og grønsaksrestar, meiner katolikkar.
KOMPOSTERING: Dette bilete er henta frå firmaet Recompose, og visar ei miljøvenleg gravlegging. På bilete ser ein kun ein såkalt "dummy", ikkje ein ekte person.
Sabel Roizen/Recompose
Tidlegare i haust blei California den femte staten i USA der ein har gjort det lovleg å kompostere døde menneske. Lovendringa trer i kraft i 2027. Det skriv danske Kristeligt Dagblad.
Metoden er ganske lik den som skjer i ein vanleg kompostbinge i hagen, berre raskare.
Den døde kroppen blir lagt i eit gjenbruksbart kar, der den blir dekt av treflis og halmstrå.