Michael Melchior: – Berre gjennom religiøs fred kan me løyse dette

MIDTAUSTEN: Overrabbiner Michael Melchior ser sterkare religiøse motiv under den pågåande konflikta på Gaza enn tidlegare. – Ei religiøs konflikt kan ikkje løysast politisk.

Brukes til intervju m. M. Melchior i VL
MANGLAR: Rabbiner Michael Melchior saknar meir kompetanse og fokus på religion i den pågåande konflikta på Gazastripa. Sjølv jobbar han med religionsdialog og fredsarbeid mellom anna gjennom The Religious Peace Initiative.
Publisert Sist oppdatert

– Denne gongen er det ein religiøs motivasjon som har utløyst konflikten, og ingen kan vinne ei religiøs konflikt. Det er så djupt tragisk at ingen forstår at den einaste måten me kan finne ei løysing er ved å få til fred mellom jødar og muslimar.

Det seier Michael Melchior, overrabbiner i Det Mosaiske Trossamfunnet i Norge og mangeårig pådrivar for religiøse fredsinitiativ og dialog mellom israelarar og palestinarar.

Han ser noko annleis med denne omgangen med konflikt og krigshandlingar i Gaza. For medan det i 2009 og 2014 bar sterkare preg av å vera ei politisk konflikt om nasjonal identitet, meiner han opptakta denne gongen i større grad var religiøst motivert.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS