Mette-Marit i helsing til skeivt nettverk: Du er ikkje åleine, eg er på ditt lag
KONGELEG: Kronprinsesse Mette-Marit sende videohelsing til Skeivt kristent nettverk. – Me blei litt mållause då me fekk videoen, fortel leiar i nettverket.
HELSING: Kronprinsesse Mette-Marit sende helsing til Skeivt kristent nettverk, som har samling i Kristiansand denne helga.
Lise Åserud
Kjære de som er på samling i Kristiansand. Alle skal få lov til å tru på kva ein vil. Alle skal få lov til å elska den ein vil. Og alle skal få lov til å vera den ein er. Du er ikkje åleine, eg er på ditt lag.
Slik helsa Kronprinsesse Mette-Marit til Skeivt kristent nettverk, som i helga har nettverkssamling i Kristiansand.
Elisabeth Meling, leiar for Skeivt kristent nettverk, fortel at ho vart rørt over video-helsinga frå kronprinsessa. Ho trur den betyr mykje for mange.