Meiner ytterleggåande stemmer får for mykje plass i kyrkjepolitikken: – Hardt debattklima
KYRKJEDEMOKRATI: Debattklimaet i Den norske kyrkja blei tema på landsmøtet til Open folkekyrkje. Fleire unge seier dei har møtt hersketeknikkar og utestenging. Andre meiner eit tøft ordskifte er naudsynt.
DEBATTKLIMA: Dennis Lund, Line Dammyr, Eline Heidisdatter Lorentzen og Inga Stoveland Dekko ynskjer seg ein respektfull tone i kyrkjepolitikken.
Marit Mjølsneset
Under lunsjen på landsmøtet til Open folkekyrkje (OF) har Dennis Lund (28), Eline Heidisdatter Lorentzen (22), Line Dammyr (56) og Inga Stoveland Dekko (22) funne saman rundt eit bord.
Blant dei tre yngste rundt lunsjbordet er det stor semje om at debattklimaet i kyrkja kan vera hardt.
– Det har eg fått kjenne på kroppen etter å ha vore med på to kyrkjemøte, fortel Lund.