Meiner viktige spørsmål står ubesvart i organiseringsarbeidet – diskusjon om komande høyring
DEN NORSKE KYRKJA: Snart skal Kyrkje-Noreg få seie si meining om forslaget til ny DNK-struktur. Men kva som skal ut på høyring – og når – blei gjenstand for lang diskusjon i Kyrkjerådet.
REFORM: Her overrekker Morten Müller-Nilssen rapporten om mogleg ny kyrkjestruktur til Kristin Gunleiksrud Raaum, leiar av Kyrkjerådet. Sjølv om forslaget no skal på høyring, ventar fortsatt fleire del-utgreiingar.
Kirkerådet
– Litt spissfomulert: Får me ikkje tid i denne Kyrkjemøte-perioden, abdiserer me som Kyrkjeråd, sa representant frå Bjørgvin Karl Johan Kirkebø.
Replikken kom etter eit forslag på Kyrkjerådet sitt mai-møte: Å utsetje høyringa av moglegheitene til den – mykje omtalte – nye organiseringa av Den norske kyrkja. Fleire medlemmer sette spørjeteikn ved at fleire spørsmål fortsatt står utan svar. Nye del-utgreiingar er først venta over nyttår. Er det då riktig å sende ut ei høyring med «blanke» felt?
– Skal me vente til alle spørsmål er besvarte, får me aldri ei ny ordning. Dette er ei god utgreiing, som utvalet bak i all hovudsak har gjort grundig. Med unntak av spørsmålet om leiing lokalt, meiner eg denne gir kyrkjelydane eit godt grunnlag til å meine noko om den nye strukturen, sa Kirkebø.
Bestill abonnement her
KJØP