Meiner kyrkja «abdiserer» for tidleg: – Når medlemstala går ned, bør me heller brette opp ermene
SELVBILDE: Mangel på sjølvtillit og pågangsmot preger måten Den norske kyrkja framstiller seg sjølv på, meiner delegatar på Kyrkjemøtet. DNKs nye strategi må ikkje overdrive pessimismen, synest dei.
OPTIMIST: Thor Magne Seland meiner kyrkjas bodskap kan treffe mange «lunkne» medlemmer. Saman med biskop Sommerfeldt tar han til orde for at pessimismen ikkje må dominere i DNK før nødvendig.
Anita Hamremoen
«Det som er sikkert er at Den norske kirke mister noe av den hegemoniske posisjonen den har hatt».
Denne dystre diagnosen er henta frå innleiinga til Den norske kyrkja (DNK) sin nye strategi. Då den blei lagt fram som sak for DNKs «Storting», Kyrkjemøtet, i haust, lista papira opp fleire av kyrkjas utfordringar fram mot 2030:
- Lågare medlemsandel.
- Auka sekularisering og religiøs pluralisering i samfunnet.
- Mindre hegemonisk posisjon.