Meiner kristne bør velje bort p-pilla
ETIKK: Fleire kristne aktørar meiner bruk av p-piller og spiral er etisk problematisk, fordi det kan føre til «supertidleg abort». – Sannsynet for at det skal skje er ekstremt lite, meiner overlege.
PREVENSJON: I boka «Nakne uten skam» frå 2021 skriv Stefan Gustavsson at kristne ikkje bør bruke p-piller.
NTB / Pressefoto
«Ettersom et menneskeliv oppstår ved befruktningen, er ikke spiral og p-piller noe alternativ for den som er kristen.»
Det skriv Stefan Gustavsson i boka Nakne uten skam frå 2021. Boka handlar om den seksuelle revolusjonen i kontrast med det klassiske kristne synet på kjærleik og seksualitet.
Her problematiserer Gustavsson bruken av spiral og p-piller blant kristne.