Innviing av dei fyrste misjonærane i Delk, i Misjonsaulaen i Oslo. Frå venstre: Generalsekretær i NMS, Odd Bondevik, Beate Vollsnes Ekenes, Rolf Ekenes, tilsynsmann i Delk, Sverre Lefsaker, Torunn Haukvik og misjonssekretær i Misjonssambandet, Gudmund Vinskei.
TIDLIG TID: Innviing av dei fyrste misjonærane i Delk, i Misjonsaulaen i Oslo. Dette var NMS sitt bygg, men Delk leigde det til sine gudstenester. Frå venstre: Generalsekretær i NMS: Odd Bondevik, Beate Vollsnes Ekenes, Rolf Ekenes, dåverande tilsynsmann i Delk: Sverre Lefsaker, Torunn Haukvik og misjonssekretær i Misjonssambandet: Gudmund Vinskei. Haukvik blei sendt ut gjennom Misjonssambandet, medan ekteparet Vollsnes Ekenes blei sendt ut gjennom NMS.

Med misjon som brekkstong

Som lita såg Torunn Haukvik Minnesjord ut vindauget på barna i 17.-maitoget ho ikkje var med i fordi familien var del av Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn. 15 år seinare skulle ho bli sentral i å opne det lukka kyrkjesamfunnet opp mot verda.

Publisert Sist oppdatert

Gradestokken har bikka 20 grader denne siste maidagen i 1982. Misjonsaulaen i Akersgaten i Oslo er stappfull. Kjensla av at noko stort skal skje heng i lufta. For ein av hovudpersonane, 25 år gamle Torunn Haukvik, blandar forventing, spenning og kjensla av høgtid seg til ei høgare eining.

Ho har på seg sin finaste stas, Aust-Telemark-bunaden. I salen sit familie, vener og fleire hundre andre. Fleire av desse, både kjente og ukjente, har vore tydeleg kritiske til tenesta ho snart skal bli innvia til. Visse har ho til tider ikkje vore på talefot med.

Når Torunn Haukvik og ekteparet Rolf og Beate Vollsnes Ekenes i løpet av gudstenesta kneler ned ved alteret i misjonsstorstoga i Oslo sentrum, er det historiske skiftet eit faktum.

Powered by Labrador CMS