Måtte droppe organist – spela musikk frå Spotify på 17. mai
KYRKJEMUSIKK: Skånland kyrkje har fått forbod mot bruk av vikarar på grunn av stram økonomi. – Eg er faktisk ganske habil på tangentar sjølv, men har fått klar beskjed om å ikkje spela for ikkje å undergrave organisttenesta, seier presten.
UTAN ORGANIST: – Me prøva å spela av musikk på Spotify, men det gjekk ikkje særleg bra, fortel sokneprest i Skånland og Tovik, Geir Arne Solum.
Jan Petter Nikolaisen
– Me prøva å spela av musikk på Spotify, men det gjekk ikkje særleg bra. Det var vanskeleg å fylgje tempo og musikken låg fleire tonar høgare enn i salmeboka, så det var umogleg for kyrkjelyden å synge med, fortel sokneprest i Skånland og Tovik, Geir Arne Solum.
Dette er ikkje fyrste gong kyrkjelyden har stått utan organist. Men litt ekstra trasig synest presten det var å oppleve det på ein festdag som 17.-mai.
Frå 1. april har nemleg Tjeldsund kyrkjelege fellesråd lagt ned forbod mot å bruke vikarar. Årsaka er ein uvanleg stram økonomi.