Magasinet «Fri tanke» skal ikkje lenger vera fritt
HUMAN-ETISK FORBUND: Magasinet til Human-Etisk Forbund, Fri tanke, skal ikkje lenger drive fri og uavhengig journalistikk. – Sterkt beklageleg, seier direktør i Fagpressen.
IKKJE SAMSVAR: Kommunikasjonssjef i Human-Etisk Forbund Marit Øimoen, er blitt redaktør for medlemsmagasinet til organisasjonen, Fri tanke. Det er ikkje i samsvar med Redaktørplakata.
Human-Etisk Forbund
Fram til no har medlemsmagasinet til organisasjonen Human-Etisk Forbund (HEF) vore styrt av ein uavhengig redaktør. No er kommunikasjonssjef i HEF, Marit Øimoen, blitt redaktør for Fri tanke. Ho stadfestar at magasinet ikkje lenger vil vera uavhengig av organisasjonen.
– Dette har vore ein prosess over lengre tid, der tidlegare redaktør i Fri Tanke har gått over i ei anna stilling i organisasjonen og der me har gått frå å ha ein redaksjon på sidan av HEF, til at me har tatt det arbeidet inn i vårt heilskaplege kommunikasjons- og medlemsarbeid. Me kan derfor ikkje lenger jobbe under Redaktørplakata og drive fri journalistikk.
Redaktørplakata er ei avtale der ein forpliktar seg på visse rettar og krav til redaktøren. Kjerneprinsippet i erklæringa er at redaktøren skal vera uavhengig av eigar eller utgjevar. Grunnsyn og formålsreglar kan eigar bestemme, men utover det skal redaktør kunne leie redaksjonen fritt for innblanding.