Lyser ut gamingjobb
KFUK-KFUM søker deg som «brenner for gaming» til ny prosjektstilling. Dei ønsker å bli ein viktig organisasjonsaktør innan dataspill.
Kristne organisasjonar ønsker i aukande grad å legge til rette for gaming og E-sport. Bildet er frå ei dataspillsamling som Norforsamlinga Vigrestad arrangerte tidligere i år.
Caroline Teinum Gilje
I stillingsutlysinga heiter det at dei «søker deg som brenner for E-sport, gaming, barn og unge». Personen skal jobbe med å løfte KFUK-KFUM som aktør innan E-sport og gaming. Søknadsfristen er 12. juni.
Inkluderande gaming
For KFUK-KFUM har målet for gamingsatsinga vore å treffe unge der dei er og stifte inkluderande fellesskap, etter modell av andre idrettslag i organisasjonen, fortel Hanne Fjørtoft, som er teamleiar for program og utvikling. Satsinga heng mellom anna saman at dei i større grad vil forsøke å nå ut til fleire unge gutar.