Lovsongsleiar i Puls: – Det har ikkje vore eit tema for oss å slutte å bruke songar frå Hillsong
HILLSONGMUSIKK: Pinsekyrkjer i Norge vel framleis musikk frå Hillsong Church trass kritikken mot kyrkja. – Om vi vil ta inn nye songar derifrå avheng av kor relevante songane vil bli opplevd for oss, og kva utvikling Hillsong vil ha som miljø framover, seier David André Østby i Filadelfiakirken.
MUSIKK: Puls Oslo, tidlegare del av Hillsong, bruker framleis songar frå Hillsong.
Marit Neset
– Hillsong har komme med, og kjem framleis med flotte songar som ærar Gud og hjelper folk med å løfte blikket på Jesus. Det har ikkje vore eit tema for oss å slutte å bruke desse songane, skriv Maria Louise Bjørkavoll i ein e-post til Vårt Land.
Ho er kreativ leiar i den pinsekarismatiske kyrkja Puls Oslo, som i fjor skifta namn etter å ha trekt seg ut frå kyrkjefamilien Hillsong Church.
Dei siste åra har Hillsong Church vore i hardt vêr, med rapportar og dokumentarseriar som avdekkjer og set lys på fleire alvorlege lovbrot, maktmisbruk og skandalar hos toppleiinga i den verdsomspennande kyrkja.