Religion

Lovsongleiar hevdar at Instagram blokkerer videoane hans

Den amerikanske lovsongartisten Sean Feucht meiner sosiale medium har blokkert innhaldet han laga i samband med gateprotestane i USA. Facebook avviser skuldingane.

Lovsongartisten og misjonæren Sean Feucht høyrer til musikkselskapet Bethel Music og det amerikanske kyrkjesamfunnet Bethel Church. Han skuldar Instagram for å drive sensur og blokkere videoane hans.

Blokkerer lovsongvideoar

Svenske Dagen melder at Sean Feucht i lag med andre lovsongsleiarar, har dradd til plassar kor det tidlegare har vore antirasistiske protestar, for å halde møte og spele inn lovsongvideoar. Ein video viser lovsong på minnestaden til George Floyd i Minneapolis, der ulike menneske har samlast for å be og synge i fredeleg protest. Enkelte blei også døypte under samlinga.

Feucht skuldar Instagram for å ha blokkert ein video frå denne samlinga frå å bli delt vidare. Saka har vekt merksemd i ulike amerikanske nyhendemedium, blant anna Christian Post og Fox News.

Det ser ut til at Instagram har oppheva blokkeringane på dei aktuelle videoane.

Facebook avviser

Feucht har også uttrykt sinne på vegne av andre i liknande situasjon. Twitterprofilen til Beni Johnson, kona til ein av hovudleiarane i Bethel Church, blei også nyleg sensurert. I tillegg skal den kristne organisasjonen «Moral Revolution» nyleg ha opplevd å fått kontoen sin på Instagram sperra.

Korkje Twitter eller Instagram har gitt tydeleg svar på kvifor innlegg eller kontoar har blitt blokkerte. Facebook, som eig Instagram, fortel til Fox News at dei ikkje har fjerna noko av innhaldet til lovsongartisten.

«Innlegget blei delt av ein annan konto, og vi har ikkje sett noko teikn på at det ved ein feil blei fjerna», seier talskvinne frå Facebook, Stephanie Otway til Fox News.

Enkelte kritiske til Feucht

I fleire av videoane til lovsongleiaren Sean Feucht, skriv han at han med videoane ønsker å «endre narrativet», å vise at lovsong og tilbeding også er ein del av protestmarkeringane i USA. Videoane viser folk med ulik etnisk bakgrunn som tilber og samlar seg med lovsong og høg musikk. Det skjer i og rundt dei same plassane som det skjer demonstrasjonar og protestar i samband med drapet på George Floyd.

Ein har kommentert på ein av videoane til lovsongleiaren og kritisert han for å overdauve andre talarar, å ta merksemda bort frå minnesmarkeringa til George Floyd og for å nytte situasjonen til å promotere seg sjølv som lovsongleiar. Ei annan skriv at «det er frustrerande at du berre held på kommentarar som prisar det du driv med og slettar kommentarar som stil spørsmål med det».

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion