---
Vi gjekk oss alle vill som sauer,
kvar tok sin eigen veg,
men skulda vi alle hadde,
lét Herren ramma han.
Han vart mishandla,
han vart plaga,
og han opna ikkje munnen,
lik eit lam som blir ført til slakting,
lik ein sau som teier når han blir klipt,
og han opna ikkje munnen.
Etter fengsel og dom vart han teken bort.
Men kven i hans tid tenkte på
at han vart utrydda frå landet til dei levande
fordi brota til folket mitt ramma han?
Då han var død, fekk han grav
blant urettferdige og hos ein rik,
endå han ikkje hadde brukt vald
og det ikkje fanst svik i hans munn.
Jesaja 53,6–9
---
Tekstblikk: Både vi og han blir samanlikna med sauer
Ingunn Aadland, førsteamanuensis i Det gamle testamentet ved MF vitenskapelig høyskole
Tekstavsnittet er henta frå den siste av dei såkalla «tenarsongane» (Jes 52,13–53,12).
Dette er poetiske tekstavsnitt som anten omtalar «min tenar» (Jes 42,1), eller lar ein tenar tala sjølv (jf. Jes 49,3 og 50,4).
For ein kristen lesar ligg tolkingshistoria som tjukke lag over tekstutdraget. «All we like sheep» syngjast det i Händels Messias. Det herskar ikkje tvil om at evangelia fann språk for Jesu liding og død i nettopp tekstar som denne. For avsnittet omhandlar eit skuldig «vi» og ein uskuldig «han», som døyr og som på uverdig vis vert gravlagd mellom urettferdige. Men er det mogeleg å få tak på «vi» og «han» bak den kristne lesinga, i lys av Jesajaboka?
Teksten opererer med eit retrospektivt syndserkjennande «vi», og teiknar opp ein samanheng mellom «vi» og «han». For det var «skulda vi alle hadde» som Gud let råka dette mennesket. Heile avsnittet kan slik lesast som ei djup erkjenning.
Erkjenninga handlar først om å sjølv vere på avvegar. Ein gjentakande kritikk i GT er at folket er som sauer utan gjetar. Og når kvar tar sin eigen veg er det vel nettopp dette som er i spel. Det er påfallande at både «vi» og «han» blir samanlikna med sauer. Vi var som villfarne sauer (v.6), og han var som ein sau i fangenskap: stum då han vart klipt, stum då han vart ført til slakting (v.7).
Vers 7 fortel at «han» vart mishandla og plaga. Dei hebraiske orda som er i bruk, let seg assosiera med slaveriets fornedring, men der folket si naud i Egypt vart til skrik som nådde Gud (jf. 2 Mos 3,7), er «han» påfallande stum. Vi kan merka oss gjentakinga av frasen «han opna ikkje munnen». Stumheita kan forståast som eit resultat av mishandling, men den kan også lesast som eit paradoks. Han leid, men likevel opna han ikkje munnen.
Men kven i «hans tid» tenkte på at han vart ramma for «mitt folk» sine brot? Mang ein lesar har spurt seg: Kven var så «han», altså «min tenar» (jf. 52,13 og 53,11) som omtalast her? Teksten unnlet å svara. Og slik kan den kristne lesar stiga inn i tekstens erkjennande «vi», og tenkja på «hans» liding.
Prekenblikk: Kan én bære andres synd?
Åste Dokka, teolog og kommentator i Vårt Land
Johannes 1,29–34
Det mest teologisk iøyenfallende for dagen, i både GT-teksten og evangelieteksten, er tanken om at en person kan bære eller bære bort andres synder. Johannes retter sitt utsagn direkte mot Jesus – faktisk er den lille scenen første gang Jesus blir sett i Johannesevangeliet. Han kommer så å si gående inn i fortellingen, og Johannes er den som forklarer hvem vi ser: Guds lam, altså han som bærer (bort) verdens synd(er), slik vi også synger i nattverdsliturgien.
Men er det mulig? Kan en syndebukk frita et syndig folk for straff? I følge den franske filosofen René Girard er det nettopp en fysisk og rituell syndebukk-tradisjon vi ser rester av i flere gammeltestamentlige tekster: Man overfører skylden for at noe har gått galt til ett individ, og ved å ta livet av det individet, fjerner man også skylden og kan begynne på nytt.
Å straffes for andres urett – det er så langt fra nåde som man kommer. Like fullt hviler mye nådeforkynnelse på nettopp den logikken: Gud trenger å straffe noen, og er så grei å straffe Jesus i stedet for oss mennesker. Det er ikke så rart at dette er mønsteret Jesus tolkes inn i, fordi det var forståelig for de første tilhørerne. Men disse premissene er det vanskelig å akseptere i dag.
Kan vi tenke annerledes om det Jesus gjør for menneskeheten? Kan vi tenke at Jesus er en som ror videre når vi blir for slitne i armene? En som bærer sekken for oss. En som har rygg nok til å bære det aller tyngste vi drar med oss, nemlig vår egen tilkortkommenhet og egoisme, ja endog vår ondskap.
Ja, han bærer. Men jeg ser ikke et offerlam som straffes, men en sterk friluftspappa som kan veien og bærer både sekken og oss når det trengs.
---
Bibelbetraktninger
- Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
- Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
- Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Brækken Melve, Lena Stordalen og Åste Dokka.
---