Kirke

Les preika til Olav Fykse Tveit under vigslinga til biskop og preses

Søndag 10. mai vart Olav Fykse Tveit vigsla til biskop og preses i Den norske kyrkja. Han preika over Johannes 15, 1-9, kor Jesus talar om seg som det sanne vintre, og sin far som vinbonden.

Det er ikkje så mange av oss som er vinbønder, men ein del av oss har prøvd å plante epletre i hagen. Mitt første forsøk var då eg var 10 år. Naboen vår i Åfjord her i Trøndelag var gartnar, og ville gje meg noko fordi eg hadde hjulpe han med noko i drivhuset. Han skjønte nok at eg ikkje forsto heilt kva det var, for meg såg det ut som ein pinne i ei lita potte. Men han forklarte at om eg planta det, hadde på gjødsel og vatna det, og kutta vekk litt greiner etterkvart som det vaks, ville det kome fine epler på det. Og det gjorde det, sjølv om det tok nokre år.

Jesus talar om å bere frukt. Det kan kome noko ut av livet vårt. Det skal kome noko godt - for andre, noko dei treng.

Kva slags frukt er det snakk om?

Det er kjærleik, det er håp, og det er tru.

Vi treng ord vi kan tru på

Er det nokon som er i tvil om vi treng det, i dag?

Vi treng ord vi kan tru på, og nokon vi kan ha tillit til. Vi treng håp om at det vert betre, at vi kjem oss gjennom dette. Vi treng kjærleik uttrykt i ord, og i det vi gjer. Vi treng som aldri før at det er nokon som tek ansvar for fellesskapet i solidaritet mellom menneske, mellom ulike grupper, mellom folk og nasjonar, i kjærleik til heile skaparverket.

Tru, håp og kjærleik. Det er ikkje småting. Det er ikkje noko billeg.Men dagens gode budskap er at det er gitt oss. Kjærleiken er gitt oss gjennom livets kjelde, for at vi skal kunne gi den vidare.

Det er vakkert med fruktbløming, men det er frukta ein kan leve av. Formålet med eit frukttre er at det skal bere frukt.

Det trengst mykje frukt, kjærleikens frukt, som gir glede, som gir mot og kraft til andre. Det kan vi alle bidra med, uansett kven vi er og korleis vi har det.

Det er viktig å bidra, og det er viktig å anerkjenne kva andre bidrar med.

Kjærleik handlar alltid om relasjonar, om kvarandre.

Tre, greiner, frukt det handlar om sammenhengen i livet, ja, det handlar om sjølve livet, og om livets kjelde.

Trondheim 20200510. 
Olav Fykse Tveit blir vigslet til biskop i Nidaros av preses av Atle Sommerfeldt i Nidarosdomen søndag.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

«Ver i min kjærleik!»

«Ver i min kjærleik!» seier Jesus.

«Vert verande i meg. La orda mine verte verande i dykk».

Vi har vel alle opplevd at ord skaper noko i oss når dei vert verande i oss. Vi kan leve heile livet på ord om at nokon er glad i oss. Eller motsatt: dei vonde orda kan bite seg fast. Ord er ikkje «berre ord». Ord går frå ein person til ein annan, frå tanke til tanke, men også frå hjarte til hjarte.

Slik er orda vi møter hos Jesus.

Det er orda om at Gud har elska, og at Gud framleis elskar denne verda, alle dei andre, deg, og meg. Difor vi kan elske. Difor skal vi elske, i ord og handling.

Vi kan definere tru som det eg er overbevist om. Men tru er meir enn berre det eg kan få meg til å tru. Trua på Gud er ikkje berre noko eg har kome på. Trua kjem til oss fordi det er nokon å tru på, nokon å ha tilit til. Trua på Jesu ord kjem gjennom eit fellesskap, som vi kallar kyrkja, som deler denne trua, her, og i alle delar av verda. Treet er alle greinene tilsaman.

Vi treng håpet, draumen, om det som vi enno ikkje ser. Det som kan skje, det som må skje. Håpet kan verte forma i bønn, i forventning, til Gud. Ikkje for å få alt eg ønskjer, men for å vende blikket mot det Gud vil med denne verda, med kyrkja, med oss. Lat din vilje skje på jorda så som i himmelen! Slik har Jesus lært oss å be, med håp og forventning.

Dette er kyrkja si oppgåve i verda: Å forkynne og vise at Gud elskar, slik at vi kan få kraft og vilje og evne til å elske andre. Det er ei enorm oppgåve, den vert vi aldri ferdig med. Den kan og skal kreve noko av oss, for det handlar om det viktigaste av alt.

Vi kan gjere dette fordi vi er satt inn i ein relasjonen til Kristus. Det tydelegaste teiknet på det er dåpen, som jo nettopp er teiknet på at vi høyrer til i livstreet, i Kristus. Det kan knapt vakrare seiast enn slik vi nettopp song:

«Du til di grein meg sette, alt i min fyrste vår, med livsens dogg meg vætte, gav sol og signa år. Du vil og vokster gjeva, alt til min siste slutt.

Lat meg i deg få leva, i deg få anda ut!»

Trondheim 20200510. 
Olav Fykse Tveit blir vigslet til biskop i Nidaros av preses av Atle Sommerfeldt i Nidarosdomen søndag.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Fellesskap og glede

Druene og vinen er i Bibelen uttrykk for fellesskap og glede. Det er også uttrykk for Guds kjærleiks gåve til oss - som er Kristus sjølv. Det feriar vi når det er nattverd i kyrkjene.

Det har vi ikkje kunne gjort på ei stund. I denne tida har vi måtte hugse og lære at stundom er kjærleiken best uttrykt i det vi ikkje gjer, fordi vi bryr oss om og stiller opp for kvarandres liv og helse. No ser det ut til at vi kan gjere meir saman, og igjen glede oss over det vi ofte har tatt for gitt.

Trua på Kristus må uttrykkjast i håpet og kjærleiken utan grenser. Slik vert vi verande i Kristus, i hans ord. Tru, håp og kjærleik handlar om meir enn det eg treng. Difor treng vi også det kritiske - og

sjølvkritiske - blikket som ser kva som skal bort, om det skal verte frukt.

Treet er natur, og det er kultur, det representerer skaparens gåver og den omsorg vi skal vise for det som veks av jorda, og som vi alle skal leve av.

Kriser kan få oss til å bli sjølvopptekne. Men dei kan også vekke oss til innsats. Vi kan også sjå meir klart, så vi ser kva som trugar vår eine menneskeslekt, og den naturen vi er ein del av. Dersom vi vil sjå.

No treng vi kjærleikens vilje til å stille opp for kvarandre, og for å ta vare på den eine jorda vi har. Kjærleik utan offervilje og rettferd vert overfladisk.

Frigjeringa

I desse dagar er det 75 år sidan frigjeringa frå krigen og okkupasjonen. Mi mor vart aldri ferdig med å fortelle om fredsvåren, om dei magiske og lyse maidagane i hennar ungdom, då dei våga seg ut med flagg og blendingsgardinene vart brent på bål i gatene. Ho snakte om «freden som kom», som det var ein ven som kom tilbake.

Det er mange hendingar, mange menneske, og også mange nasjonar i aust og i vest som gjorde sitt til at freden kunne kome hit med fridom og rettferd.

Nettopp her i Nidarosdomen, den 1. februar 1942, vart spørsmålet om kva som er kyrkja si oppgåve sett på spissen. Domprost Arne Fjellbu fekk vite at ein annan prest skulle overta gudstenesta den dagen fordi nazi-styret ville at Qusilings statsakt skulle feirast her i nasjonalheilagdomen. Han tillyste då at høgmessa vart her på ettermiddagen. Mange vart hindra av politiet frå å kome inn. Det hindra ikkje folkets uttrykk for tru, håp og kjærleik, der dei sto ute i kulda og song «Vår Gud han er så fast ei borg».

Fjellbus handling førte til at biskopar og prestar gjorde det klårt at kyrkja har ei oppgåve som var gitt av Gud, å bere sann frukt. Fjellbu vart forvist frå Nidaros av Quisling, og i 1944 flykta han til Sverige med hjelp av samiske grenselosar i nord. På slutten av krigen vart han utnemnd som biskop for dei frigjorde områda i Nord-Noreg, før han vart vigsla til biskop her i Nidaros i 1945. Det var han i 15 år, til det året eg vart fødd. Han er eitt av dei mange namn som er eit teikn på det vi talar om, om små og store handllingar som ber frukt, frukt som varer.

Trondheim 20200510. 
Olav Fykse Tveit blir vigslet til biskop i Nidaros av preses av Atle Sommerfeldt i Nidarosdomen søndag.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

No er det vår tur

«Aldri meir», vart omkvedet etter andre verdskrigen. Internasjonalt samarbeid måtte etablerast. Kyrkjene i verda måtte også stå saman i å forkynne evangeliet, i kamp for rettferd og fred. Det trengst framleis. Det er mange som i dag treng å bli frigjorte frå konflikt, okkupasjon, diskriminering, urett og krig. Fjellbu var i 1948 - saman med biskop og preses Eivind Berggrav - med på å starte Kirkenes Verdensråd, som samlar kyrkjer i verda, som pilgrimar for rettferd og fred.

Pilegrimar har kome hit til denne Krist-kyrkja før oss, for å søkje til kjeldene for tru, håp og kjærleik. I si tid og på sitt vis, i kamp med sjukdom og plager, i krig og fred.

Når vi i dag går ut av kyrkja, kan vi snu oss mot Vestfrontveggen og sjå vintreet. Der er bileta av Kristus som ber verdas synd og urett, som dør for oss, som står opp for oss, og viser at kjærleiken er sterkare enn enn døden. Der er Kristus som er over alt og alle og som difor kan vere nær oss alle. Kristus er stammen i treet med dei mange greiner, greinene med mange menneske som har bore frukt på ulike måtar gjennom historia. Dei har gjort at vi også har evangeliet om Guds kjærleik og bodet om å elske mellom oss, her og i andre kyrkjer rundt omkring.

Jesus seier at utan han kan vi ingenting gjere. Med det seier han faktisk også: Utan oss kan han ingenting gjere.

No er det vår tid. No er det vår tur. No er det vi som skal bere frukt.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, vår skapar, frelsar og livgjevar, som var, er, og vere skal, èin sann Gud, frå æve og til æve.

Amen

LES MEIR OM VIGSLINGA AV OLAV FYKSE TVEIT:

– Jeg er privilegert som får starte i en ny jobb i en tid mange har mistet sin, sier Olav Fykse Tveit

Olav Fykse Tveit sier det er mye han ikke har tenkt å gjøre som biskopenes øverste leder. – Jeg må ikke tenke at jeg kan gjøre alt, sier den nye presesen

I ni år har Olav Fykse Tveit vært verdens fremste kirkeleder, nest etter paven

---

Olav Fykse Tveit

  • Født 24. november 1960, oppvokst på Bømlo.
  • Gift 1983 med Anna Bjorvatten. Tre voksne barn, fire barnebarn.
  • Utdannet teolog ved MF vitenskapelig høyskole (1986), og har tatt en doktorgrad samme sted (2002).
  • Han var generalsekretær i Mellomkirkelig råd fra 2002 til han i 2009 ble han valgt til generalsekretær i Kirkenes Verdensråd.
  • Ble utnevnt som preses i Den norske kirke i januar av et enstemmig kirkeråd. Han var den eneste Bispemøtet valgte å nominere til stillingen. Ble vigslet i Nidarosdomen søndag 10. mai.
  • Han har dessuten hatt en lang rekke tillitsverv både i Norge og internasjonalt.
  • Kilde: Kirken.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke