KVINNEHELSE: Thorbjørn Brook Steen har ofra mykje for yrket sitt. Men han ville valt det same på nytt.
Erlend Berge
Legen har blitt utbrent to gonger: Av å leie Noregs største fødeavdeling, og av ungdomsarbeidet i kyrkja
MI TRU: Fødselslege Thorbjørn Brook Steen går «all in» i det meste han gjer. Etter å ha engasjert seg i kyrkja har han mista trua på ho som institusjon, men har framleis Jesus som førebilete.
Denne saken ble først publisert i mars i år. Vi har hentet den opp igjen til glede for nye lesere.
Når Vårt Land ringjer for å be fødselslege Thorbjørn Brook Steen om å stille opp til eit trus-portrett tek det litt tid før han heng med.
Dagen før har han nemleg fyrt av ei salve mot helseminister Ingvild Kjerkol i ein VG-kronikk. «Slik det ser ut no vil du bli hugsa som helseministeren som hadde vakt då det offentlege helsevesenet vakla, snubla og fall», skriv Steen.