Kyrkjerådsleiar vil opne for ikkje-kristne gravferder i kyrkja
SEREMONIROM: Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum vil be Kyrkjemøtet vurdere om også ikkje-kristne skal få bruke kyrkjerommet som seremonirom. Men kyrkjene skal framleis vere kyrkjer, seier ho.
STANDARDEN: Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum forstår at også ikkje-kristne gjerne vil bruke kyrkjer til gravferder. –Kyrkjebygget set på mange måtar standarden for kva som er eit eigna sermonirom, seier ho.
Carina Johansen/NTB
– Vi forvaltar kyrkjene som nasjonale kulturskattar på vegner av fellesskapet, og då kan det vere rimeleg at vi er opne for at også andre kan bruke kyrkjene, dersom dei ønskjer det.
Det sa kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum då ho gjesta radioprogrammet Kompass på NRK P2 denne veka. Til Vårt Land utdjupar ho kva ho meiner med det.
– Det har gjort inntrykk på meg når nokon seier at dei vil bruke eit rom som er like fint som kyrkja til gravferder, seier ho.