Kyrkje samanliknar sosiale medium med å vera avhengig av alkohol. No vil dei logge av Instagram
SKJERMBRUK: Oslo misjonskirke Betlehem vil vera mindre på sosiale medium. – Bidreg me som kyrkje til å legitimere noko som openbert har utfordrande sider, spør pastor Erik Andreassen.
LOGGER AV: Oslo Misjonskirke Betlehem sammenligner sosiale medier med å være avhengig av alkohol. Nå logger de av.
Synne Folstad Moen
– Det er mange teikn som peikar på at skjermavhengigheit har ein destruktiv verknad på menneske, på same måte som alkohol.
Det seier pastor i Oslo misjonskirke Betlehem, Erik Andreassen. Han meiner det er viktig at kyrkjer tenkjer gjennom bruken av sosiale medium, sjølv om han endå er usikker på om det er måtehald eller av avhald som er svaret.
– I kva grad bidreg me som kyrkje til å legitimere noko som openbert har utfordrande sider, har Andreassen og leiarskapet i Betlehem spurt seg.