Kvinne fortel i retten: Svensk pinsepastor sa ho var «Guds gåve til han»

PINSERØRSLA I SVERIGE: Den svenske pinsepastoren Daniel Alm møter i desse dagar sin tidlegare arbeidsgjevar, Västerås Pingst, i retten. Skuldingar om seksuell trakassering og ei oppseiing er bakgrunnen for rettsaka.

Daniel Alm talar på konferensen Pingst pastor international 2023.
SAGT OPP: Daniel Alm har vore nasjonal leiar i Pinserøsla i Sverige, men gjekk av i 2023 etter at to kvinner varsla om seksuell trakassering og maktmisbruk. Alm vart året etter sagt opp frå stillinga som pastor i pinsekyrkjelyden i Västerås, der han hadde jobba i 18 år. Det er denne oppseiinga det er er usemje om.
Publisert Sist oppdatert

I 2023 trekte den svenske pinsepastoren Daniel Alm seg som nasjonal leiar for Pingst, den svenske Pinserørsla, etter å ha innrømma å ha hatt ein relasjon til to kvinner som «gjekk for langt». Kvinnene hadde varsla om maktmisbruk og seksuell trakassering i jobbrelaterte situasjonar med Alm.

I kjølvatnet av dette vart Alm i fjor sagt opp frå stillinga si i Västerås Pinst, der han hadde vore pastor sidan 2006. I ei utsegn som vart lest opp for kyrkjelyden då, vart det sagt at handlingane til Alm «ikkje er i samsvar med det me kan forvente av ein pastor og åndeleg leiar», ifølge svenske Dagen.

Alm på si side meinte at kyrkjelyden mangla rettsleg grunnlag for oppseiinga, og i juni 2024 valde han å saksøkje den tidlegare arbeidsgjevaren med krav om å få tilbake stillinga som pastor.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS