Kritisk til råd om å la vere å snakke om kristen identitet: - Me må utfordre fordommar
ARBEIDSLIV: Dorrit Vignes har sjølv opplevd å få fordomsfulle spørsmål på jobbintervju, men trur ikkje å la vere å snakke om kristen identitet er vegen å gå.
UEINIG: Dorrit Vignes er uening i rådet til influensar Fredrik Fornes om å la vere å fortelle om tru i jobbsøknadar.
Foto: Marit Mjølsneset
Nyleg skreiv Vårt Land om influensaren Fredrik Fornes som anbefaler kristne å ikkje fortelje om trua si på jobbintervju. Bakgrunnen er ein rapport frå to forskarar ved Universitetet i Oslo som mellom anna viser at kristne blir diskriminert i jobbsøkjeprosessen.
Fornes har fleire tusen følgjarar i sosiale medium og engasjerer seg i saker om diskriminering i arbeidslivet. Han meiner ein bør vere forsiktig med kva ein seier om religionen sin i jobbsøkinga.
– Jeg vil være forsiktig med å konkret opplyse om religion på andre måter enn i CV’n. Ikke fordi at du ikke skal være stolt over hvem du er og troen din, men fordi du med det gir dem muligheten til å forhåndsdømme deg ubevisst, sa han til Vårt Land.
Bestill abonnement her
KJØP