Kritisk til gudsteneste: – Ikkje greit
DEN NORSKE KYRKJA: Under opningsgudstenesta på Kyrkjemøtet medverka ingen diakonar eller kateketar.
ORD OG HANDLING: – Dette handler om vilje til å inkludere alle dei vigsla stillingane, slik kyrkja sjølv seier ho vil. Då må handling fylgje ord, seier Asbjørn Sagstad, leiar av Det Norske Diakonforbund.
Erlend Berge
– Nokon kan tenkje at dette er ein filleting. Men dette har ein veldig stor symbolsk verdi. Og me veit me snakkar på vegner av mange.
Det seier Asbjørn Sagstad, som er leiar i Det Norske Diakonforbund.
Han reagerer på at det under opningsgudstenesta til Den norske kyrkja (DNK) sitt kyrkjemøte torsdag berre var prestar, kyrkjetenar og kantor (kyrkjemusikar) som medverka.