Kristne evangeliserer på grensa til Ukraina. Dette meiner norske misjonsorganisasjonar
ÅNDELEG NØDHJELP: Fleire organisasjonar ber for kvinner og barn på grensa til Polen, og spreier evangeliet om Jesus. – Menneske i krise kan òg ha åndelege behov, seier Ungdom i oppdrags nestleiar i Norge, men meiner det må møtast med varsemd.
EVANGELISTAR: På sosiale medium fortel rørsla Awakening Europe at dei har spreia evangeliet til tusenvis av menneske på grensa til Ukraina.
Skjermdump, Instagram/Awakening Europe
Der Ukraina blir til Polen, står kristne evangelistar for å bringe bodskapen om Jesus til dei som flyktar — både fysisk og med ord.
Ifølge den verdskjende predikanten Daniel Kolenda har Christ for all nations, rørsla han er leiar for, eit team «i frontlinja» som gir humanitær hjelp «og spreier Jesu kjærleik ved å dele evangeliet og be for dei sjuke», opplyser han sjølv på Facebook.
Gruppa er «vitne til mange som blir frelste og lækt», skriv Kolenda, og legg ut denne videoen:
Bestill abonnement her
KJØP