Kristin Gunleiksrud Raaum fekk fornya tillit – held fram som leiar for Kyrkjerådet
Eit fleirtal på Kyrkjemøtet har talt: Sitjande leiar Kristin Gunleiksrud Raaum får to nye år som kyrkjerådsleiar.
Med 71 stemmer blei sitjande leiar Kristin Gunleiksrud Raaum valt som leiar for Kyrkjerådet i to nye år.
Ole Martin Wold
Kristin Gunleiksrud Raaum har fått fornya tillit, og skal leie Kyrkjerådet dei neste to åra. Det blei vedtatt under Kyrkjemøtet, kyrkjas «Storting», i Trondheim fredag ettermiddag.
– Eg tar det aldri for gitt, og eg takkar dykk for tilliten. Eg skal vere ein leiar for dykk alle, og lovar å stå på kvar einaste dag dei neste to åra, sa ho frå talarstolen.
– Dette er stort. Litt i overkant stort. Tusen takk, alle saman, sa ein tydeleg rørt Gunleiksrud Raaum.