Religion

«Kristi Brud» gjennomfører samfunnsstraff i bruktbutikk

«Kirsti brud» frå Knutby-saka har starta samfunnsstraff i ein kristen bruktbutikk.

Åsa Jacobsson, tidlegare Åsa Waldau, er meir kjent som «Kristi Brud» frå den mykje omtalte Knutbysekta.

13. mars blei ho dømt til samfunnsstraff for overgrep i Uppsala tingrett. Gjennomføringa av straffa har no starta, og det i ein kristen bruktbutikk. Det melder svenske Dagen.

120 timer samfunnsteneste

I stillingsskildringa utarbeida av den svenske kriminalomsorgen står det at ho skal utføre «ulike arbeidsoppgåver på lager og i butikk». Ho skal rydde og vere tenestevillig til transport, kjem det fram.

Dommen hennar omfattar 120 timar samfunnsteneste for åtte overgrepssaker. Ifølge arbeidsplanen for det svenske fengselsvesenet, starta straffegjennomføringa den 27. mai.

Den same tingretten dømte Carl Fält til 160 timar samfunnsteneste for seksuell utnytting. Han byrja straffegjennomføringa i ein kristen organisasjon den 12. april. Han må ta del i dei sosiale aktivitetane til foreininga.

Knutby-saka

Kyrkjelyden i Knutby blei gjenstand for stor merksemd i 2004 etter drapet på Alexandra Fossmo. Åsa Waldau, kjent som «Kristi Brud» tok over leiinga av sekta i Knutby etter Alexandra Fossmo. Den avdøde var søstera til Waldau.

LES OGSÅ:

Knutby-forsamling dropper Kristi brud

Hyllet «Kristi brud» – ombestemte seg

Knutby-leder anmeldte seg selv – venter på rettssak

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion