Kristenprofil hyllar NRK si påskedekning: – God folkeopplysning i eit stadig meir sekularisert samfunn
HØGTID: – Det norske folk kan ikkje ha unngått å vita kvifor me feirar dei ulike påskedagane, meiner tidlegare høgskulelektor og Oase-leiar. Han takkar NRK for «påfallande mange» påskeinnslag i år.
DAGSREVYEN: På Facebook har fleire skytt av kyrkjestoff på NRK i påska i år.
Skjermdump NRK
– Mange kristne har lett for å klage og henge ut NRK som «antikristne» eller at dei ikkje sender det eine eller det andre. Eg har aldri vore med i det klagekoret, men det trengst litt positive røyster også. NRK tok verkeleg almennkringskastingsoppgåva si på alvor.
Det meiner Jens-Petter Jørgensen. Han stifta og leia den kristne fornyingsrørsla Oase, og har jobba som høgskulelektor ved Ansgarskolen. Han er også forfattar og forkynnar.
Denne påska blei litt annleis for hans del. På grunn av ein skade blei han verande heime, og såg meir på fjernsyn enn vanleg. Det blei ei positiv oppleving.