Krass, intern kritikk i Hillsong etter Houston-skandale: Meiner leiarar bør vurdere å trekkje seg

KRITIKK: I eit internt brev skriv ein leiar i Hillsong at det var mogeleg for Brian Houston å oppføre seg som han gjorde fordi styret og andre leiarar ikkje stilte han til ansvar. No ber han fleire om å vurdere sine stillingar.

Brian HOUSTON. Hillsong
TRAKK SEG: Brian Houston trakk seg som leiar for Hillsong i mars, etter avsløringar av to tilfelle av seksuelt overskridande framferd.
Publisert Sist oppdatert

Brian Houston tenkte at han var heva over intern disiplin i Hillsong og han fekk halde på med usunn leiing utan å bli irettesett av dei som var ansvarlege for det. Det hevdar John Mayes, ifylgje The Guardian. Han meiner dette også gjeld fleire i det karismatiske, globale kyrkjesamfunnet:

– Dessverre trur eg at dette kjenneteiknar leiarskapet, som er grunnleggjande for mange usunne praksisar som er brukt i kyrkja vår.

Mayes er tilsett i Hillsong og er leiar for «menneske og utvikling» i kyrkja. I eit internt brev til det globale styret til Hillsong kjem han no med krass kritikk mot fleire delar av leiinga i kyrkja, skriv den britiske avisa.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP