Konfliktramma forsamling har endeleg fått ny leiar: – Vil vera ein stabil og trygg pastor
INDREMISJONSFORBUNDET: Bergens Indremisjon har vore utan pastor heilt sidan dåverande forsamlingsleiaren trekte seg hausten 2019 i kjølvatnet av ei personalkonflikt. No er det klart at Kristian Bønes Yndestad blir ny hovudpastor.
PÅTROPPANDE PASTOR: Kristian Bønes Yndestad studerar Teologi og Misjon på Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo. No blir han ny hovudpastor i Bergens Indremisjon.
Tuva Skare
– Det er naturleg å tenkje framover og fokusere på at me skal utvikle oss saman som kyrkjelyd. Men det har vore ei vanskeleg tid for mange, og viss menneske har sår er det viktig at eg som pastor kan hjelpe dei med det.
Det seier Kristian Bønes Yndestad om å frå hausten av skulle leie ein kyrkjelyd som har stått i konflikt over lang tid.
Bergens Indremisjon er det formelle namnet på forsamlinga, men på folkemunne blir ho kalla Betlehem, etter namnet på bygget der dei held til. Eigedomen på Nøstet i Bergen sentrum har vore i deira eige sidan 1889, og her ligg forsamlingssal og kontor den dag i dag.