Kirkeliv

Studie: Barn frå svært kristne heimar har betre sjansar for eit godt liv

SOSIAL MOBILITET: Barn frå den amerikanske middelklassa har mykje betre utsikter for eit godt liv, dersom dei kjem frå sterkt kristne heimar. Det viser ein ny studie som har sett på tenåringar i ti år.

Det er sosiologen Ilana Horwitz som står bak studien, som har følgt 2390 amerikanske tenåringar frå 2003 til 2012.

– Mi forsking viser at barn frå religiøse arbeidarheimar får høgare karakterar enn barn frå ikkje-religiøse arbeidarheimar. Dei er meir truande til å ta ei høgare utdanning, og endar derfor oftare opp i betre jobbar og med færre, sosiale problem, seier Horwitz, ifylgje Kristeligt Dagblad.

Ho er lektor i jødiske studiar og sosiologi ved Tulane universitet i USA. Nyleg gav ho ut boka «God, Grades and Graduation: Religions’s Surprising Impact on Academic Succes», basert på ein studie der ho tenåringane over ein tiårsperiode.

Barn som er oppdregne i religiøse heimar er ofte veldig pliktoppfyllande, gode til å samarbeide og meiner det er viktig å respektere autoritetar og fylge reglar.

—  Ilana Horwitz

Forskjell på gutar og jenter

Horwitz såg ein særskilt stor effekt av å koma frå ein sterkt truande, kristen familie hjå gutar frå middelklassa. For tenåringar med høgt utdanna foreldre, hadde den religiøse bakgrunnen lite å seie for karakterar og utdanning.

Det sama kan seiast for jenter, men med nokre unntak. I visse tilfelle kunne faktisk det å koma frå ein sterkt kristen heim tvert imot gje dei lågare sjanse til karriere.

Forklaringa til sosiologen er at det verka inn på ambisjonane deira til heller å handle om ting som familie og frivillig arbeid.

Pliktoppfyllande og respekt for autoritetar

– Religiøse gutar er ikkje smartare, så kvifor gjer dei det betre på skulen? Svaret ligg i korleis religiøs tru og praksis kan verne arbeidarklasse-amerikanarar, menn i sær, frå håpløyse, skriv Horwitz i eit innlegg hjå New York Times.

Ho har særskilt sett på barn som har vokse opp i protestantiske, katolske og mormonske heimar. Felles for desse er at dei fleste får det sosiologen kallar «sosial kapital», som mellom anna inneber at dei veks opp i store og sterke fellesskap, med synlege førebilete og ein sterkt forankra moral.

– Barn som er oppdregne i religiøse heimar er ofte veldig pliktoppfyllande, gode til å samarbeide og meiner det er viktig å respektere autoritetar og fylgje reglar. Det er tilfeldigvis kvalitetar som er høgt verdsette i det amerikanske utdanningssystemet, seier Horwitz.

Vanlegvis finn ein sosial kapital hjå familiar med høg utdanning og inntekt. Dei er ofte veldig involverte i oppdraginga av barna sine, og sørgjer for at dei har sterke nettverk og kan delta i sivilsamfunnet.

Foreldre frå lågare middelklasse har som regel mindre høve til å delta like aktivt i oppdraginga, og barna får som konsekvens lågare kapital. Men unntaket er ifylgje den amerikanske sosiologen altså barn som veks opp i sterkt religiøse familiar, skriv Kristeligt Dagblad.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv