– Godt fottøy er ikkje eit krav, seier Egil Svartdahl med latter i stemma.
Det er nemleg ei påskevandring i metaforisk forstand han og Filadelfiakirken inviterer til. Ei vandring i ord, tone og bilete, gjennom hendingane på skjærtorsdag. Konrad Lunde skal leie songarar og musikarar.
---
Påskevandring i Filadelfiakirken
Fire gudstenester blir sendt på vl.no:
- Skjærtorsdag klokka 18:00 – del 1
- Langfredag klokka 11:00 – del 2
- Påskeeftan klokka 18:00 – del 3
- Fyrste påskedag klokka 11:00 – del 4
---
– Me byrjar med eit kort resymé om kva som har skjedd frå laurdagen før palmesundag, før me tek for oss påskemåltidet og nattverdet. Vidare tek forteljinga oss til kampen i Getsemane og arrestasjonen av Jesus, fortel pinsepastor Svartdahl.
Klikk over for å sjå opptak av sendinga.