Kirkeliv

Egil Svartdahl: – Det vanskelegaste eg gjer

PÅSKE: I meir enn førti år har pinsepastor Egil Svartdahl fortalt påskeforteljinga gjennom påskevandringar. Likevel er det noko av det vanskelegaste han gjer.

– Grunnforteljinga er den same, naturleg nok, seier pastor i Filadelfiakirken Oslo og ler.

Ein må tilbake førti år for å finne fyrste gong han arrangerte påskevandring. Men sjølv om visse ting er uforandra opplever han å finne nye ting for kvar gong han dukkar ned i bibelforteljinga som ligg til grunn for høgtida me er inne i.

– Påskehistoria er litt som å sjå inn i ein diamant. Ein ser alltid nye fasettar og fargar. Likevel er det å formidle den noko av det vanskelegaste eg gjer. Eg kan på ingen måte gjera det større enn det er, eg kan berre forstyrre og forkludre, meiner den profilerte pastoren.

Gjennom fire gudstenester skal han ta med seg menneske på ei vandring gjennom påskeforteljinga, både fysisk i Filadelfiakirken sine lokale i Oslo, og digitalt gjennom direktesending på nettet. Dei digitale sendingane vil du finne på vl.no.

Håpet er at dei fire dagane skal bli «ei vandring i Jesu fotspor».

– Eg håpar at forteljinga får feste inni dei som er til stades. For dette er ei forteljing som pregar både livet og trua om den får feste.

Jesus: Time for time

– Godt fottøy er ikkje eit krav, seier Svartdahl.

Det er nemleg ei vandring i metaforisk forstand. Ei vandring i ord, tone og bilete, gjennom hendingane på skirtorsdag, langfredag, påskeeftan og 1. påskedag. Konrad Lunde skal leie songarar og musikarar.

– Heile gudstenestene er vekslingar mellom forteljing, song og musikk. Det er ei samanhengande forteljing, men i gudstenesteformat.

Det var pinseprofil Thoralf Gilbrant sine kassettar som for ein mannsalder sidan vekte Svartdahls fascinasjon for denne måten å fortelje påskehistoria på.

– Når ein legg dei fire evangelia ved sida av kvarandre så finn ein ei samanhengande forteljing om kva som skjedde, time for time. Gjennom heile året forsøkjer me å fortolke og snakke om kvifor det skjedde. Gjennom påskevandring fann eg ein måte å heller fokusere på når, kvar og kva som skjedde, seier pastoren.

---

Påskevandring i Filadelfiakirken

  • Fire gudstenester blir sendt på VL.no:
    • Skirtorsdag kl. 18:00- del 1
    • Langfredag kl. 11:00- del 2
    • Påskeeftan kl. 18:00 – del 3
    • 1. Påskedag kl. 11:00- del 4

---

– Pinserørsla ikkje verdsmeistar i kyrkjeleg påske

Ungdommar på leir var dei fyrste forsøkskaninane for Svartdahl sin nye måte å formidle påskeforteljinga på. I dag er påskevandringa i Filadelfiakirken i Oslo ein tradisjon mange held kjær. Og etter to år der digital sending var einaste alternativ har ein halde fram med det, i tillegg til høve for fysisk oppmøte, slik at folk kan få det med seg frå hytte eller heim.

– Me er ikkje verdsmeistrar i kyrkjelege påskefeiringar i pinserørsla. Mange føretrekkjer hytta og fjellet, meiner Svartdahl.

I tillegg til ei generell sekularisering i samfunnet, der heilagdagar blir til fridagar og høgtid blir til ferie, trur pastoren den unge alderen til pinserørsla har spela inn.

– Me har nok vore betre på vekkingsmøte enn høgtidsmesser.

Difor har det i fleire år vore eit fokus for Filadelfiakirken å lyfte fram påskehøgtida. Det meiner han dei har lukkast i.

– Me ser at mange reiser ned frå fjellet for å få med seg heilagdagane i kyrkja, og blant dei som er att i byen får me av fleire høyre at dei synest det er verdt å bruke tid i kyrkja fire dagar på rad.

Og sjølv om han synest det er utfordrande å få fram heile djupna og breidda i det han omtalar som «verdas viktigaste forteljing», synest han også det er ei glede.

– Det er fantastisk å formidle påskeforteljinga.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kirkeliv