Kirkeliv

Frikyrkja er redd pastorrolla verkar avskrekkande på unge. No tek dei grep.

REKRUTTERING: Formann i Frikyrkja trur mange unge vegrar seg for å bli pastorar. Maria Sandvand (24) jobbar som leiar i Kristiansand Frikirke, men har aldri tenkt tanken om å bli pastor.

– Eg trur mange av våre yngre medarbeidarar har sett korleis pastorrolla har vore i Frikyrkja gjennom mange år, og har tenkt at dette ikkje er noko for dei. Mange seier at dei kjenner på eit kall og ynskje om å jobbe i kyrkja og tene Gud på den måten, men at dei aldri kunne tenkt seg å bli pastor.

Det seier synodeformann i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja), Jarle Skullerud.

Som i dei fleste kyrkjesamfunn står ikkje den yngre generasjonen i kø for å bli prest eller pastor.

– Den generasjonen med pastorar som er i ferd med å gå av med pensjon hjå oss blei pastorar i ei anna tid. No ser me behovet for å sjå litt på pastorrolla, seier Skullerud.

Ei arbeidsgruppe har nyleg levert sine forslag til revisjon av pastorkurset i Frikyrkja.

Kyrkjesamfunnet skal framover sjå på både kva påfyll dei vil tilby dei som alt er pastorar hjå dei, men også kva nye pastorspirer skal gjennom for å bli åndelege leiarar i kyrkjelydar.

Håpet er å gjera pastorrolla mindre avskrekkande, og bidra til betre rekruttering.

Mange seier at dei kjenner på eit kall og ynskje om å jobbe i kyrkja og tene Gud på den måten, men at dei aldri kunne tenkt seg å bli pastor.

—  Jarle Skullerud, synodeformann i Frikyrkja

Trong oppfordring og førebilete

Maria Sandvand (24) har ei deltidsstilling som barneleiar i Kristiansand Frikyrkje ved sidan av lærarstudia. Ho har også gått gjennom Frikyrkja sitt leiarprogram for unge lovande: Horisont.

Likevel har ho aldri ein gong tenkt tanken om å bli pastor. Kvifor er ho usikker på. Kanskje det er noko med autoriteten som verkar avskrekkande?

Maria Sandvand, Barneleder i Kristiansand Frikirke. Sak om pastorrolla og rekruttering av unge i Frikyrkja.

Å bli pastor er definitivt ikkje for alle og Maria står støtt i sitt val om å bli lærar. Men det at ho aldri ein gong har tenkt tanken, kva kan det koma av? Og kva skulle eigentleg til for at ho hadde vurdert å bli pastor?

– Nokon måtte nok i ung alder har sagt ganske direkte til meg at «Maria, det hadde du klart». Eller så måtte eg hatt eit veldig tydeleg førebilete.

Alt-mogleg-mann

Synodeformann Skullerud trur yngre i Frikyrkja kan ha blitt skremt av å sjå at ein pastor må gjera, og vera, alt. Vaktmeister, administrator, kontormedarbeidar og forkynnar.

Med mange små kyrkjelydar har ein dei fleste stadar ikkje hatt økonomien til mange tilsette. Då har fort pastoren blitt ein alt-mogleg-mann eller -kvinne. For nokon har arbeidsmengda blitt for stor.

Østre Frikirke. Frikirken – Oslo Østre Menighet. Pastor og synodeformann i Den Evangelisk Lutherske Frikirke Jarle Skullerud

I fleire kyrkjelydar i Frikyrkja har ein no i større grad byrja å jobbe i team, der ein fordelar oppgåver basert på kva dei ulike er gode til og trivest med å gjera.

I dei mindre kyrkjelydane kan det bety at pastoren kanskje berre har ei femti prosent stilling, og har ein annan jobb i tillegg. Frivillige kan også bli viktige brikker i teamet.

– Eg trur me blir nøydt til å tenkje meir slik framover, seier Skullerud, som sjølv er pastor i Oslo Østre Frikirke i tjue prosent, og synodeformann i åtti prosent.

Han meiner denne arbeidsmåten kjem frå nokre litt yngre pastorar som i dei siste åra har komme inn i Frikyrkja med tankar om teamarbeid og relasjonsleiing.

Maria Sandvand jobbar i ein stor kyrkjelyd med pastorteam, og er positiv til denne måten å jobbe på. Ho er einig i at hennar generasjonen har blitt lært opp til å leggje meir vekt på samarbeid og relasjonar, enn dei litt eldre.

– At ein slepp å stå i alle avgjersler på eigen hand verkar godt. Det er viktig å ha sparringpartnarar og nokon å samarbeide med. Og så er det ein fordel å kunne bruke kvarandre sine styrkar. Men då er ein avhengig av at ein set saman team der ein ikkje er for like.

Ein person kan ikkje gjera, og vera alt. Rekrutteringsutfordringa trur eg handlar mykje om det. At det verkar som ei stor oppgåve for ein person.

—  Anna Moe

Ei einsam rolle

Anna Kleppe Moe er leiar for kyrkjelydsutvikling ved Frikyrkja sitt hovudkontor og har fylgt opp gruppa som no har komme med innspel til justeringar av pastorkurset.

Anna Moe er leiar for kyrkjelydutvikling ved Frikyrkja sitt hovudkontor og har vore med i gruppa som no har kome med innspel til kva pastorar skal kursast i.

Ho seier ein har sett eit behov for meir fokus på kva det vil seie å vera ein leiar. Dessutan ynskjer ho at noverande og framtidige pastorar i kyrkjesamfunnet skal sjå at dei på ulike måtar gjennom heile pastorkarrieren får tilbod om kursing, oppfølging og meir.

– Det trur me kan bidra til å ufarleggjera pastorrolla. Ein ser at ein ikkje står aleine, men er del av ein samanheng. Du treng ikkje å kunne alt. Me vil gjerne gå saman med deg ein veg.

Moe ser at pastorrolla kan vera både utfordrande og til og med einsam. Håpet er at auka fokus på teamarbeid kan gje ein eit arbeidsfellesskap og senke urealistiske forventningar til kva ein pastor skal vera.

– Ein person kan ikkje gjera, og vera alt. Rekrutteringsutfordringa trur eg handlar mykje om det. At det verkar som ei stor oppgåve for ein person. Me er trass i alt skapt me ulike gåver og eigenskapar av ein grunn, seier Moe.

For Maria Sandvand har det å jobbe i ein kyrkjelyd gjort ho meir lysten på å jobbe i kyrkja enn før ho starta. Men akkurat no gler ho seg til sommaren då ho endeleg blir ferdigutdanna lærar.

Maria Sandvand, Barneleder i Kristiansand Frikirke. Sak om pastorrolla og rekruttering av unge i Frikyrkja.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv