Kirkeliv

Leitar etter ny generalsekretær i Misjonskirken Norge

LEIARSKIFTE: Øyvind Haraldseid får ikkje fornya åremålet som generalsekretær i Misjonskirken Norge. No er kyrkjesamfunnet på leit etter ny leiar.

Tidlegare i år vedtok Misjonskirken Norge (MKN) at dei vil leite etter ein ny generalsekretær til å ta over etter Øyvind Haraldseid i 2022.

– Det einaste du veit når du går inn i ei åremålsstilling er at det ein dag vil ta slutt, seier noverande general Haraldseid.

Generalsekretærrolla er ei åremålsstilling på seks år, før ein kan bli attvalt for fire år om gongen. Haraldseid blei generalsekretær for MKN i 2012, og fekk fornya for fire nye år i 2018. Til neste år går denne perioden ut, og hovudstyret har valt å ikkje oppmode Haraldseid om å halde fram i ytterlegare fire år.

Trussamfunnet har ingen øvre grense for kor mange periodar generalsekretæren kan sitje.

– Kan virke rart

Hovudstyreleiar i Misjonskirken Norge, Rita Nottveit

Hovudstyreleiar Rita Nottveit seier dei har vore nøgde med Haraldseid sin innsats, og at det er andre omsyn som gjer at dei no ser etter nye krefter bak rattet.

– Det har ingenting meg Øyvind å gjera, og eg forstår at det kan verke rart for nokon at me ikkje fornyar kontrakten hans når me synest han gjer ein god jobb. Det gjer det ekstra vanskeleg å ta det valet.

Ho seier hovudårsaka til at ein no leitar etter arvtakaren hans er at neste år byrjar ein åtte år lang strategiperiode for organisasjonen.

– Øyvind har alt sete i ti år, og skulle han halde fram i fire nye år ville sjansen auka for at me måtte skaffa nye generalsekretær midt i ein strategiperiode, og det vurderte styret som lite ynskjeleg, seier Nottveit.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Tungt ansvar

No er stillinga lyst ut, og søknadsfrist er 27. september. I utlysinga står det at ein ser etter ein samlande, tilgjengeleg og inkluderande person med «eit sterkt engasjement for kyrkjelydsarbeid, økumenisk arbeid og internasjonalt arbeid».

Haraldseide ser på det som udramatisk å ikkje bli beden om å stille til ny periode. Sjølv har han ikkje sagt noko til hovudstyret om han ynskjer å halde fram i jobben eller ikkje.

– Eg har sagt at dei må sjå kva som tener Misjonskirken best. Viss dei meinte at det var til det beste at eg sat vidare måtte dei utfordra meg på det, også ville eg vurdert det.

Før han byrja i jobben tenkte han at han var heldig om blei han spurt om å sitje i to periodar. Dei to er han snart ferdig med, og sjølv om han ser tilbake på tida med takksemd ser han også fram til å sleppe noko av ansvaret.

– Ein får vera med på skrekkeleg mykje gøy, men som generalsekretær har du også eit spesielt ansvar for dei tyngre sakene. Og sjølv om det er fint å få bidra inn i det som er vanskeleg, så er det også godt å kjenne at nokon med friske musklar skal ta neste etappe.

Mannstungt

Det er generalforsamlinga til MKN som formelt tilset ny generalsekretær. Den finn stad neste vår.

Før den tid skal innstillingsutvalet som er sett ned av hovudstyre gjennom ein lang prosess. Alt før sommaren byrja arbeidet med å invitere heile MKN til å foreslå sine favorittkandidatar.

I tillegg til å lyse stillinga ut opent for alle, vil eit utval av dei føreslegne kandidatane bli inviterte til ei uformell samtale.

– De har ei mannstung leiargruppe i Misjonskirken. Er det på tide med ei kvinne ved roret?

– Om det blir ein mann eller kvinne står att å sjå, men me har passa på å invitere like mange menn som kvinner til innleiande samtaler, seier Nottveit.

Ho seier dei legg vekt på at leiargruppa fungerer som heilskap og at personane her utfyller kvarandre.

Uviss framtid

Haraldseid veit ikkje kva som ventar han etter han er ferdig som generalsekretær. No er det ein god overgang mellom seg sjølv og ny leiar som opptek han mest.

– Eg vil vera så til stades som eg kan for å legge til rette for min etterkommar. Etter kvart skal eg tenkje meir på meg sjølv, seier Haraldseid, som jobba som pastor i Drammen misjonskyrkje før han fekk jobben som generalsekretær.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv