Kirkeliv

Håpar medlemsskap i Norges Kristne Råd kan hindre sekt-stempel

BRUNSTAD CHRISTIAN CHURCH: På onsdag blir det avgjort om BCC får bli fullverdig medlem av Noregs Kristne Råd. BCC-medlem Nora Risnes Jebelli trur eit positivt svar vil gjera at kyrkjesamfunnet kjenner seg mindre utanfor, og heller som ein del av eit kristent fellesskap.

Gjennom heile si historie har kyrkjesamfunnet Brunstad Christian Church (BCC) stått på utsida av det økumeniske fellesskapet mellom kyrkjer i Noreg. Når det no skal bli avgjort om dei blir tekne opp som fullverdig medlem i Norges Kristne Råd (NKR) fylgjer medlemmar spent med.

– Me bør kunne vera medlem på same grunnlag som alle andre kristne er det. Me les den same bibelen, det kjem berre an på kva auge ein les den med, meiner Vidar Riis Jacobsen, som er ein del av Brunstad Kristelige Menighet Grenland.

Han kallar trua i Brunstad Christian Church (BCC), for «vanleg, plain kristendom», og meiner kyrkjesamfunnet har ein naturleg plass i Norges Kristne Råd.

Sjølv opplever han mange gonger å møte fordommar når han seier kva kyrkje han tilhøyrer, og han trur at BCC har eit dårleg rykte blant folk flest, mellom anna på grunn av ei rekkje kritiske medieoppslag.

Men om eit eventuelt medlemskap i NKR vil utgjera nokon forskjell på det er han usikker på.

– Mannen i gata vil nok ikkje få noko anna syn på grunn av det, men eg ser for meg at det vil verke veldig positivt i offentlege samanhengar, seier Jacobsen.

(Brunstad Christian Church)

---

Brunstad Christian Church (BCC)

  • Brunstad Christian Church, tidlegare kalla Den kristelige menighet, oppstod i Vestfold på byrjinga av 1900-talet.
  • Fekk sitt uoffisielle namn, Smiths Venner, etter stiftaren Johan Oscar Smith.
  • I dag har trussamfunnet om lag 8.400 medlemmar i Noreg.
  • Har søkt om medlemskap i Norges Kristne Råd. Det blir avgjort om søknaden blir innvilga onsdag 15. september.

---

Usikre

På NKR sitt rådsmøtet på onsdag blir det altså avgjort. Styret sitt tilråding er å ikkje ta BCC opp som medlemmar, men la dei halde fram med observatørstatus.

Av 22 medlemsorganisasjonar var det berre 11 som leverte inn høyringssvar til styret i NKR. Av desse har generalsekretær i NKR, Erhard Hermansen, tidlegare opplyst til Vårt Land at sju var positive til medlemsskapet, medan fire ikkje tilrådde medlemskap per i dag.

Tre av dei sju som tilrår medlemskap skal samstundes ha uttrykt at det også er ting som gjer dei usikre.

Styreleiar i NKR, Berit Hagen Agøy, påpeikar at sjølv om høyringssvara som kom inn i forkant av styremøtet sprikte, så var styret si tilråding samrøystes.

– Når ein høyrde kva alle hadde å seie både på møtet og i høyringssvara blei det klart at mange følte at ein trong meir informasjon. Den konklusjonen stod alle bak, og ingen uttrykte at dei var «imot BCC».

Vanskeleg å bli kjent

Agøy trur utfallet også skuldast pandemien, som ho seier har gjort det vanskelegare for medlemmane å bli kjente med BCC, som i 2019 fekk observatørstatus i rådet nettopp for at medlemmane skulle bli betre kjente med dei.

Berit Hagen Agøy

Heilt sidan då har det vore ein uttalt ambisjon at BCC etter kvart skal bli ordinære medlemmar i rådet.

– Ein mistar pausane og small talken når alle møta skjer på skjerm, og ein treng meir tid for å bli kjent, meiner styreleiaren.

Ho vil ikkje seie noko om kva ho trur utfallet blir på rådsmøtet, men kan ikkje hugse at Rådsmøtet før har gått imot tilrådinga til styret i medlemsskapssakar.

Nokre av dei som tydeleg har vist skepsis mot at BCC alt no skal bli fullverdige medlemmar er Den norske kyrkja (DNK), Metodistkyrkja og Pinsebevegelsen.

I DNK sitt høyringssvar kjem det mellom anna fram at dei ikkje er overtydde om at BCC har tilstrekkeleg tillit hjå andre kyrkjesamfunn på grunn av BCC sine reaksjonar på kritikken som har kome i media. Dei etterlyser også dokumentasjon på økumenisk arbeid og engasjement hjå kyrkjesamfunnet.

---

Norges Kristne Råd

  • NKR er ein økumenisk paraplyorganisasjon for kristne kyrkjer og trussamfunn i Noreg.
  • Medlemskap er for dei som «med bibelen som kilde tilber og bekjenner én Gud – inspirert av Jesu bønn: “Må de alle være ett”. »
  • Rådet har i dag 22 medlemssamfunn og ni observatørar.

---

Håpar å sleppe sekt-stempelet

23 år gamle Nora Risnes Jebelli bur på Stord og er medlem av Brunstad Christian Church (BCC). Ho trur mange medlemmar er spente på utfallet av medlemskapssaka.

Ho håpar kyrkja hennar kan bli meir akseptert i samfunnet generelt, og meiner at det hadde vore positivt viss eit medlemskap i Norges Kristne Råd (NKR) kan bidra til det.

– Ein hadde blitt ein del av eit fellesskap, og kanskje ikkje blitt sett på som ein outsider på same måte. Kanskje det kan bidra til at me slepp sekt-stempelet?, spør ho seg.

Det same har BCC-medlem Line-Marie Nilsen Espegard frå Ål i Hallingdal tenkt på. Ho har ikkje engasjert seg veldig i saka, men tenkjer at det er positivt om BCC hadde fått ei skikkeleg stemme inn i det kristne miljøet i Noreg.

– Også hadde det vore fint å bli rekna som ein «vanleg» kristen, og ikkje som eit sektmedlem, seier Espegard som påpeikar at det synest ho stort sett det er media som gjer, og ikkje «mannen i gata» i Hallingdal.

Stort skifte for BCC

Også BCC-medlem Knut Holm Andersen trur det er mykje å vinne på at BCC blir medlem av NKR, for begge partar.

– Me har mykje å bidra med, og eit større og breiare Norges Kristne Råd er betre rusta til å betre kåra til kristendommen i Noreg.

Andersen er oppteken at ein ikkje treng å vera einig i alt for å kunne samarbeide.

– Andre seier dei håpar eit eventuelt medlemskap kan bidra til at ein slepp eit sekt-stempel. Kva tenkjer du om det?

– Det ville absolutt vore positivt å få det redusert. Me har stått mykje for oss sjølve opp gjennom, og når me no vil nærme oss andre kristne er det eit stort skifte for BCC.



Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kirkeliv