Kirkeliv

Slik svarar BCC på skuldingar om gåvepress

BRUNSTAD CHRISTIAN CHURCH: NRK avdekte kva summar ein forventa at medlemmar i kyrskjesamfunnet skulle bidra med. – Medlemmane sjølve som avgjer, seier BCC.

For litt over ei veke sidan publiserte NRK ei sak der dei skriv om press på medlemmar i Brunstad Christian Church (BCC) om å bidra med pengar og dugnadstimar inn i kyrkjesamfunnet.

Det er ikkje fyrste gong BCC blir skulda for dette, og dei har i fleire tilfelle har tilbakevist at det er eit pengepress på medlemmane, og lagt vekt på at det er frivillig om ein vil bidra med mykje eller lite.

Talfesta forventa gåvesum

Men NRK har fått tilgang til ei innkalling til ekstraordinært årsmøte i BCC sin lokale kyrkjelyd på Sørlandet som viser noko anna. Der står det at det «forventes at alle medlemmer bidrar solidarisk til å dekke foreningens utgifter.

Beløpet er satt med utgangspunkt i at en gjennomsnittlig familie med normal inntekt hver måned bidrar «med kr 4500, enkeltpersoner over 23 år med kr 2500 og pensjonister/uføre med kr 1000 (par kr 2000)».

– Ei misforståing

Informasjonsansvarleg i BCC, Berit Hustad Nilsen, vil berre svara på spørsmål på vegner av BCC generelt, ikkje det som gjeld den lokale kyrkjelyden på Sørlandet. Ho skriv at det er ei misforståing at nokon fastset eit tal på kor mykje medlemmane må gje.

24.08.20. Berit Hustad, styreleder i Brunstad kristne kirke, BCC.

– Styret i dei lokale kyrkjelydane, som er samansett av vanlege medlemmar, lagar eit forslag ut frå kva aktivitetsnivå dei trur medlemmane ynskjer seg og ut frå erfaringstal på kva medlemmane plar å bidra med. Det er medlemmane i årsmøtet i den enkelte foreininga som stemmer over budsjettforslag og kostnadsnivå, og så er det medlemmane sjølve som avgjer om dei vil støtte opp med dei tilrådde bidraga for å dekkje kostnadane, skriv Hustad Nilsen i ein e-post til Vårt Land.

– Nokon vil alltid vera mindre nøgde

– BCC avviser i fleire medium at det finst press rundt gåver og frivillig innsats, men både årsmøteinnkallinga og NRK sine kjelder seier noko anna. Er det ikkje verdt å høyre på dei som seier at dei opplever eit press?

– I ein organisasjon med nesten 9.000 medlemmar, vil det alltid vera nokon som er nøgde og andre som er mindre fornøgde. Me lyttar til medlemmane, og ynskjer på alle måtar å sikre at alle bidrag til kyrkjelyden er frivillige.

Hustad Nilsen seier at dei gjennom fleire år har spurt om folk kjenner på eit slikt press i medlemsundersøkingar, men at resultata er tydelege på at dei aller fleste ikkje gjer det. Likevel seier ho at ein jobbar for at dei som gjer det skal «få hjelp til å klargjera kvifor dei opplever det slik, og at det eventuelt kan setjast inn tiltak».


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv