Kirkeliv

BCC møtte NRK sine journalistar med advokat: – Taper omdømme og renommé, meiner omdømmeekspert

MEDIEHÅNDTERING: NRK seier dei blei truga med rettsak då dei stilte BCC kritiske spørsmål. – Det kastar eit mistenkjeleg slør over alt når ein møter journalistar med advokat, meiner omdømmeekspert Trond Blindheim.

– Når nokon møter journalistar med advokat, er det fyrste ein tenker at dei har gått tomme for argument og ikkje ynskjer å bli konfrontert med saka. Det kastar eit mistenkjeleg slør over alt, seier omdømmeekspert og dosent ved Høyskolen Kristiania, Trond Blindheim.

I helga publiserte nrk.no ein artikkel om Brunstad Christian Church (BCC), der dei mellom anna skriv om medlemmar som opplever press om å gje pengar, og om trussamfunnet sine interne lån og økonomi. NRK skriv at dei ei stund ut i dialogen med BCC blei møtt med trugsmål om rettsleg forfylging mot både NRK og journalisten.

Advokaten skal mellom anna ha vist til ein dom om ærekrenking frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, og skrive at «uriktige løgnanklager vil generelt medføre erstatningsansvar for mediet og journalisten».

Slit med truverdet

Blindheim meiner dette er ein uklok måte å møte pressa på for BCC, som han meiner slit med truverdet frå før av, etter ei rekkje kritiske oppslag i media.

– Dei burde stilt opp og svart på spørsmåla, med heller å sende advokat taper dei omdømme og renommé, seier Blindheim, som trur taktikken deira verkar mot sin hensikt, då det berre vil trigge journalistar til å grava meir.

(Brunstad Christian Church)

I haust vekte NRK Brennpunkt-dokumentaren Guds utvalde stor merksemd. Ein av episodane handla om BCC og mellom anna sosial kontroll, mangel på ytringsfridom og eit press om å bidra med pengar og dugnadstimar. I november skreiv Vårt Land at det hadde kome inn om lag 190 klager til Kringkastingsrådet om Guds utvalde. NRK opplyser at dei fleste av klagene handla om episoden om BCC.

Ville avverje publisering

Berit Hustad Nilsen, informasjonsansvarleg i BCC, vil svara på Vårt Land sine spørsmål på e-post. Ho skriv at dei er sterkt ueinige i store delar av NRK Brennpunkt si framstilling av trussamfunnet deira, og at «me ikkje opplever at laurdagens artikkel er noko annleis enn tidlegare publiseringar frå NRK».

INFORMASJONSANSVARLIG: Styreleder og informasjonsansvarlig Berit Hustad Nilsen i BCC mener Ben van Wijhe er ute etter medieoppmerksomhet.

På spørsmål om dei vurderer å melde saka inn til Pressas faglege utval (PFU) svarar Nilsen at dei vil vurdere kva dei eventuelt skal gjera med oppslaget. Ho meiner NRK fekk gode svar på sine spørsmål, og at dei har trykt usanne påstandar, knytt til store pengesummar som NRK hevdar ikkje er gjort greie for.

Til Blindheim sine påstandar om at måten dei har møtt NRK på gjer at dei taper omdømme, seier Nilsen at dei i så krevjande saker vil få kritikk nesten uansett kva dei svarer eller ikkje svarer.

Viste seg nyttig å involvere advokat

På spørsmål om kvifor dei valde å la ein advokat svare på NRK sitt spørsmål, skriv ho at ho og hennar kollegar i all hovudsak har svart på dei 50 medieførespurnadane dei har fått det siste året.

– Det er berre to av NRK sine førespurnadar som blei svara på via advokat, og årsaka er at dei planla å publisere usanne skuldingar om at BCC har vore involverte i alvorlege straffbare handlingar. Det viste seg nyttig å involvere personar med spisskompetanse på feltet, det har i visse tilfelle avverja det som kunne bli publisering av alvorlege og usanne påstandar om BCC, seier Nilsen.

Ho meiner saka NRK enda opp med å publisere manglar 3-4 påstandar som NRK fyrst sende til BCC under ein sitatsjekk, og at desse ikkje er publiserte etter åtvaringar frå BCC sin advokat.

– Dette viser vel at det kan vera både naudsynt og rett å få slik hjelp av og til, meiner Nilsen.

– BCC har misforstått den journalistiske prosessen

Men NRK er ikkje einige i denne framstillinga. Prosjektleiar i NRK Brennpunkt, Cecilie Ellingsen, fortel at det er den same redaksjonen som jobba med Guds utvalde-dokumentaren som har jobba med den omtalte nettsaka. Ho svarar på Vårt Land sine spørsmål via e-post.

– Eg kjenner ikkje til kva dei 3-4 usanne påstandane skulle vore. Her må BCC vera konkrete.

GRAVEARBEID: – Vi ville sette søkelys på lukkede kristne miljøer som i dag mottar statsstøtte, men som samtidig behandler medlemmene på en måte som mange mener er problematiske med tanke på demokratiske prinsipper og storsamfunnet, sier Cecilie Ellingsen, prosjektleder i NRK Brennpunkt.

Ellingsen seier litt av poenget med sitatsjekk er at ein gjer justeringar i etterkant, og at dei har jobba etter vanlege journalistiske prinsipp i saka.

– Det ser ut som BCC har misforstått den journalistiske prosessen. Dei blandar saman kontakten me har hatt der me sjekkar ut påstandar frå andre kjelder enn BCC. Slike påstandar publiserer me ikkje utan dokumentasjon og innhenting av samtidig imøtegåing frå den skulda parten, i dette tilfellet BCC. Trugsmåla om søksmål frå advokat har ikkje påverka våre publiseringar. Men me har bruka lengre tid på desse sakene enn me kunne gjort viss me hadde fått svar på det me spurte om, seier prosjektleiaren.

Ho er heller ikkje einig i at det berre er to førespurnadar til BCC som blei møtt med advokat.

– BCC har bruka uvanleg mykje ressursar på advokathjelp i denne saka utan at det har påverka vår journalistiske handsaming, meiner Ellingsen.

---

Brunstad Christian Church

  • Eit kristent trussamfunn stifta i Noreg i 1898.
  • Har namnet sitt frå kyrkjelydens samlingsstad Brunstad i Sandefjord kommune.
  • Også kjent som Smiths venner, etter grunnleggjaren, Johan Oscar Smith.
  • Usikre tal seier 35.000 medlemmar i over 50 land.
  • Vektlegg personleg tru og meiner at det er mogleg for menneske å unngå å synde.

Kjelde: snl.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirkeliv