Kirkeliv

Metodistkyrkja slit med å lokke unge til presteteneste

REKRUTTERING: Om fem år er har ein fjerdedel av dagens prestar i metodistkyrkja nådd pensjonsalder. – Å velje å bli prest i ei kyrkje som står framfor ei mogleg splitting er modig, meiner rektor ved Metodistkyrkjas teologiske seminar.

– Det er vanskeleg å rekruttere unge. Dei som startar på teologistudiet som 20-åringar og som dermed blir prestar i midten av 20-åra, er dei me har absolutt færrast av, seier rektor ved Metodistkyrkjas teologiske seminar, Hilde Marie Øgreid Movafagh.

– Kvifor er det slik?

– Det heng saman med alt anna med gjer i kyrkja. Mange kyrkjelydar har ikkje eit fungerande barne- og ungdomsarbeid. Det er vanskeleg å freiste med eit godt liv som prest i kyrkja viss ein ikkje har levande og gode kyrkjelydar. Og no er me midt i ei krise med homofilisak og kanskje splitting. Å velje å bli prest i ei kyrkje som står framfor ei mogleg splitting er modig, meiner Movafagh.

Foreslår formell splitting

Ho siktar til at det på årskonferansen til Metodistkyrkja i Noreg i 2019 blei slått fast at kyrkja går i retning av full inkludering av lesbiske og homofile. Kyrkja er ein del av det internasjonale kyrkjesamfunnet The United Methodist Church (UMC) som i dag har eit konservativt samlivssyn, trass i stor indre usemje rundt spørsmålet. Ei gruppe foreslo i fjor ei formell splitting av UMC, i ei liberal og ei konservativ grein. Forslaget skulle i utgangspunktet stemmast over på generalkonferansen deira i fjor, men er utsett til 2022.

– Eg håpar at alle dei nye delane av den nye kyrkja som måtte koma kan falle raskt til ro og jobbe med rekruttering. Men eg trur ikkje rekrutteringa vil bli løyst med eit smell. Me må jobbe for å vera ein ryddig og freistande arbeidsplass med kreative og spanande oppgåver, meiner rektoren.

Nye vegar til presteteneste

Når Metodistkyrkja samlar seg til årskonferanse i helga er rekruttering eit av temaa som er på agendaen. Sjølv om ingen vil omtale situasjonen som ei krise er det fleire som påpeikar at tala er alvorlege, og at ein er avhengig av å jobbe aktivt med rekruttering dei neste åra. Foreløpig ser det ut til å vera den eldre garde som er redninga. Mange står i teneste til etter pensjonsalder, og det er også ein stor del av dei nye som blir ordinerte eller innvia til teneste som har pastor eller prestetenesta som «andre karriere».

Og no vil Metodistkyrkja gjera det enklare for dei sistnemnde. Til hausten startar det fyrste kullet på eit utdanningsløp ved Metodistkyrkjas teologiske seminar i samarbeid med MF vitenskapelig høyskole. Løpet inneber 90 studiepoeng som gjer ein kvalifisert til å jobbe som såkalla lokalpastor, ein tittel som altså ikkje krev den femårige teologiutdanninga.

Ola Westad, prest i Centralkirken i Oslo, og leder for tjenesterådet i Metodistkirken

Ola Westad er prest og leiar for tenesterådet i Metodistkyrkja. Det er organet som avgjer om folk skal få stå i presteteneste hjå kyrkjesamfunnet. Han trur det nye studiet er eit av dei viktigaste rekrutteringstiltaka kyrkja har gjort. Han påpeikar at mange har bikka 50 år og allereie har høge utdanningar frå andre felt. Då er mange år med fulltidsstudie lite aktuelt.

– Men den store utfordringa er at me treng fleire unge studentar som vil ta master i metodistisk teologi.

– Kvifor let så få unge seg freiste til å bli prest i Metodistkyrkja?

– Det speglar av aldersfordelinga i kyrkjelydane våre også. Hovudtyngda er eldre menneske. Det må me snakke om. Også må me snakke positivt om prestetenesta.

I glede og sorg

Det er leiande tilsynsprest i Metodistkyrkja, Knut Refsdal, einig i. Han meiner at det å vera nær menneske i ulike livssituasjonar, i glede og i sorg, og å jobbe saman med frivillige i team burde vera ting som appellerer med å vera prest.

– Trur du det at ein står i ein usikker situasjon knytt til retningsval og eventuell kyrkjesplitting kan påverke rekrutteringa?

Ja, det er vel ei side med det, men samtidig kjem det inn fleire nye prestar no som veit utmerka godt kva situasjon me står i. Likevel vel dei å bli prestar, seier tilsynspresten.

Knut Refsdal er tilsynsprest i østre distrikt i Metodistkirken.

Han håpar diskusjonen på årskonferansen skal få heile kyrkja til å sjå at ein har eit ansvar for rekruttering, og at kyrkjelydar blir flinkare til å utfordre og oppmode unge til å bli prestar.

– Me har folk på veg inn, men me treng fleire, er konklusjonen hans.

---

Metodistkyrkja i Noreg

  • Protestantisk kyrkjesamfunn som høyrer til den internasjonale metodistkyrkja United Methodist Church.
  • 46 kyrkjelydar og i overkant av 11.000 medlemmar.
  • Praktiserar barnedåp.
  • Har ei avtale med Den norske kyrkja om gjensidig anerkjenning av kvarandre sin dåp, nattverd og embete.

Kjelde: metodistkirken.no, snl.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirkeliv