Meiner Frikyrkja er prega av kameraderi og maktkamp
FRIKYRKJA: – Det blir feil når ein gjeng med makt utnyttar posisjonane sine for å sikre at makta blir i gjengen. Det handlar om kven som kjenner kven, meiner eldste i Sandnes Frikirke, Heidi Garvik.
SAMLIV OG KJØNN: Eldste i Sandnes Frikirke, Heidi Garvik, mistenker at spørsmålet om samlivsetikk blir bruka for å gjera kandidatar uaktuelle for fleirtalet på synodemøtet, også av andre årsaker, som mellom anna at dei er kvinner.
Foto: Mai Britt Hareide
I helga hadde Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) synodemøte. Og sjølv om dei fleste sakene utanom val, økonomi og andre meir tekniske saker er utsett til smittesituasjonen tillèt eit fysisk, ekstraordinært synodemøte, seinast i juni 2022, blei det temperatur rundt samlivsetikk. Det meldte avisa Dagen fyrst.
Det kom benkeforslag på å velge inn Heidi Garvik som medlem i synodestyret. Garvik er eldste i Sandnes Frikirke.
Garvik tapte avstemmingane til både fyrste, andre og tredje varaplass, men nytta høvet på synodemøtet til å seie at det ikkje var valet av henne inn i synodestyret som var det viktige, men korleis ein vil legge til rette for samtala om samlivsetikk.
Bestill abonnement her
KJØP