Kirke

Lei av halvt påkledde prestar

LITURGISKE KLEDE: Ikkje-ordinerte prestevikarer kan ikkje bere messehakel eller stola når dei forrettar gudsteneste. Dette vil soknerådet i Sunnylven ha ei endring på.

Soknerådsleiar i Sunnylven, Stig Tryggestad, er lei av «halvt påkledde» prestar i kyrkja på Hellesylt. No har han på vegne av eit samstemt sokneråd bedt biskopen om dispensasjon, slik at ikkje-ordinerte prestevikarar òg får ikle seg messehakel og stola. Men ut frå gjeldande regelverk har biskop Ingeborg Midttømme avslege søknaden.

– Det verkar som saka om rett til å bere liturgiske klede er blitt eit maktsymbol, dette er formalia-rytteri som ikkje samstemmer med at kyrkja no i stadig større grad nyttar ikkje-ordinerte prestar i gudstenester og kyrkjelege handlingar, seier Tryggestad.

---

Liturgiske klede

  • Sunnylven sokneråd har søkt biskopen i Møre om dispensasjon slik at ikkje-ordinerte prestevikarar kan nytte liturgiske klede som stola og messehakel.
  • Biskop Ingeborg har ut frå gjeldande regelverk avslege søknaden.

---

«Gløymt skjerf»

Han fortel om konfirmantforeldre som stussar over manglande pontifikaliar på prestane som tener i Sunnylven kyrkje.

Saka om kven som kan bere stola og messehakel er blitt eit maktsymbol.

—  Stig Tryggestad, soknerådsleiar i Sunnylven

– Dei ser at det er noko som manglar og spør om presten har gløymt «skjerfet» sitt. No er det på tide at vi utfordrar dette stivbeinte regelverket, sier soknerådsleiaren.

I Sunnylven har dei samla inn midlar og lagt mykje arbeid for å skaffe seg eigne liturgiske klede, utforma i pakt med kyrkjerommet.

Klede for høgtid og liturgi

Han påpeikar at dei liturgiske kleda skapar høgtid og markerar kyrkjeårstidene og ulike liturgiske ledd.

– Det verkar underleg at dei som er i slik teneste ikkje kan få framstå som fullverdige prestar i kyrkjene sine, seier Stig Tryggestad.

Biskop Ingeborg Midttømme viser i avslaget til gjeldande regelverk og tenesteordninga (§ 10) som seier at «messehakel skal nyttast av vigsla prest. Uordinert prestevikar kan nytte alba under forrettinga ved altaret. Ordningane opnar ikkje for å gjere unntak frå reglane på dette punktet».




Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke