Kirke

Vatikanet åtvarar amerikanske biskoper mot å nekte Biden og Pelosi nattverd

DEN KATOLSKE KYRKJA: Katolske biskopar skal stemme over om dei skal nekte politikarar som er for abortrettar å ta imot nattverd. Men no åtvarar Vatikanet dei: Kan verke splittande.

Vatikanet har sendt eit brev til amerikanske katolske biskopar der dei åtvarar om at å kategorisk nekte nattverd til politikarar som støttar atbortrettar, då det kan føre til splitting og konflikt.

Dette var det den katolske nettstaden America Magazine som meldte fyrst.

Nancy Pelosi, leiar for Representantanes hus i den amerikanske Kongressen og katolikk er nøgd med utspelet frå Vatikanet.

Pelosi: Vil bruke eiga dømekraft

Tidlegare denne månaden skreiv Vårt Land at katolske biskopar i USA vurderer å nekte Joe Biden og andre politikarar som støttar abortrettar å ta imot nattverd.

I juni skal saka opp når dei katolske biskopane held sitt halvårlege nasjonale møte. Resultatet kan bli ein klar beskjed til presidenten: Ikkje ta imot nattverd om du fortset å vera talsmann for abortrettar, noko som er i strid med Den katolske kyrkjas lære. Saka har truleg kome opp sidan Joe Biden er den fyrste katolske presidenten med politikk som eksplisitt støttar abortrettar.

På ein pressekonferanse tidlegare denne veka blei Nancy Pelosi spurt av ein reporter om korleis ho reagerer på at dei amerikanske biskopane «ikkje vil at du skal ta imot nattverd», ifylgje Christian Post.

Pelosi var ikkje einig i premisset, og sa ho ville bruke si eiga dømekraft i spørsmålet. I staden sa ho at ho var nøgd med det Vatikanet nyleg hadde sagt om emnet, og trakk fram at det la fokus på å ikkje skape splitting mellom katolikkar.

To av tre amerikanar

I brevet frå Vatikanet blir dei amerikanske biskopane heller oppmoda til å ta kontakt med politikarar som er positive til aktiv dødshjelp, abortrettar eller «anna moralsk vondskap» innan deira virkeområde, for å forstå synspunkta deira og korleis dei forstår katolsk lære.

Mediedekninga viser at dei amerikanske biskopane ikkje er einige om saka, og forslaget kan gå gjennom på møtet i juni, trass i åtvaringa frå Vatikanet. Og sjølv om forslaget får det naudsynet fleirtalet på to tredjedelar, vil det truleg vera opp til kvar enkelt biskop å velje å halde tilbake nattverden.

Ei meiningsmåling frå mars frå Pew Research Center viser også at hadde det vore opp til vanlege, amerikanske katolikkar ville både Pelosi og Biden framleis kunne ta imot nattverd, det meinte nemleg to tredjedelar av dei spurte.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke