Kirke

Snart kan alle måtte arbeide som Eilev

KYRKJELEG ORGANISERING: Om få år kan alle tilsette i Den norske kyrkja få prostiet som arbeidsgjevar. Diakon Eilev Erikstein har hatt prostiet som arbeidsstad i 30 år. Sjølv om arbeidsreisene hans kan kreve lange turar i bil, båt og snøskuter, trur diakonen dette er vegen framover for Den norske kyrkja.

– Når ein jobbar på tvers av kommunar, kan ein skape unike samarbeid og jobbe meir spesialisert. Det er gull verdt, seier Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark.

Me treffest over ein kaffikopp på kontoret til diakonen. Eller rettare sagt eitt av dei; Kakeringen, ei arbeids- og inkluderingsbedrift i kommunesenteret i Vinje, Åmot. Andre viktige kontor er bilen og kyrkjene i Vest-Telemark. Det offisielle kyrkjekontoret hans har som hovudoppgåve å huse skrivar og kopimaskin.– Her treffer eg folk. Eg er livredd for kontorifiseringa. Ein viktig del av det diakonale faget er å bygge relasjonar, meiner Erikstein.

Og for distriktsdiakonen er det kanskje litt ekstra viktig å farte rundt og skape relasjonar. Virkeområdet hans er ikkje mindre enn fem kommunar, dei som fram til 2015 utgjorde Vest-Telemark prosti.

På tvers av kommunar og fellesråd

Eit utval nedsett av Kyrkjerådet har sett på organiseringa av Den norske kyrkja (DNK). Dei føreslår å opprette prostifellesråd som skal erstatte dagens kyrkjelege fellesråd og prosti. Dei fleste stader vil prostifellesråda romme fleire kommunar.

Mange har engasjert seg i debatten, og fleire fryktar at større einingar vil føre til sentralisering og større avstand til avgjersler.

Det som renn inn av innlegg i debatten hjå Vårt Land er som regel frå prestar som trur at dei er i embete framleis, og som meiner at presten verkeleg har ei særstilling.

—  Eilev Erikstein, prostidiakon.

Men i Vest-Telemark har ein heilt sidan 80-talet hatt ein prostidiakon, som jobbar på tvers av kommunar og fellesråd. Her risikerer ein over 10 mil i bil, eller kanskje til og med i båt eller snøskuter, for å reise mellom kyrkjene i området. Samanlagt bur det om lag 11.000 menneske her.

Likevel, eller kanskje på grunn av dette, var det her den fyrste prostidiakon-stillinga i landet kom. I ettertid har fleire andre prosti oppretta liknande stillingar. Eilev Erikstein har hatt stillinga i nærare 30 år, og er svært nøgd med det store arbeidsområdet. Han ser på det som ein gyllen sjanse til å kunne skape samarbeid på tvers i regionen, og til å kunne jobbe meir spesialisert enn det ei vanleg diakonstilling i eit av fellesråda her vil tillate.

– Det er gull å kunne lage ei sorggruppe for heile Vest-Telemark, seier Erikstein engasjert.

Dagen etter skal han og to kommunepsykologar treffe barn og unge frå fire kommunar som har opplevd traumatiske tap.

Sak om prostidiakon Eilev Erikstein i Vest-Telemark. Her i eit møte med Vinje kommune og kirkens SOS.

---

Prosjekt ny kyrkjeleg organisering

  • Kyrkjemøtet har bedt Kyrkjerådet om å legge fram ein konkret plan for arbeidsgjevarorganisering, og resten av kyrkjeordninga.
  • Målet er ny, enkel og funksjonell kyrkjeordning.
  • I oktober 2019 etablerte Kyrkjerådet Prosjekt Kirkelig organisering.
  • Hovudutvalet i prosjektet leverte sin rapport 31. mars 2021, der dei peikar på ulike alternativ og tilrådingar.

---

Hindrar samarbeid

Erikstein har fylgt debatten om forslag til ny organisering av DNK med interesse. Han likar godt tanken på at alle skal vera tilsette i eit prosti med like vilkår, og har stor tru på at det blir bra for kyrkja.

Eg trur me må ha ei viss sentralisering i eit grisgrendt område for å kunne oppretthalde desentralisering.

—  Oscar J. Garnes, styreleiar for Prostidiakonatet i Vest-Telemark.

Han meiner dei to arbeidsgjevarlinjene hindrar godt samarbeid på tvers av fag og drøymer om ei kyrkje der ein ser kvarandre sine styrkar.

– Det som renn inn av innlegg i debatten hjå Vårt Land er som regel frå prestar som trur at dei er i embete framleis, og som meiner at presten verkeleg har ei særstilling.

Erikstein gestikulerer når han pratar, og avbryt støtt og stadig samtala med eit smilande «hei» og ei heva hand, når kjente fjes stikk innom for ei dose koffein eller kanskje berre ein prat.

Samarbeid eller sentralisering?

Inn frå den usedvanlege grå og våte maidagen søker Oscar Johan Garnes ly ved bordet vårt.

Han var sentral i å opprette prostidiakonstillinga, og har sete som leiar for styret som Erikstein svarar til, kalla diakonatet, dei siste 25 åra. Han har berre gode ord å seie om denne måten å jobbe på, og meiner erfaringa viser at prostifellesråd er vegen å gå for DNK.

Sak om prostidiakon i Vest-Telemark. Her er Oscar Garnes.

– Det er til dømes mange kasserarar i sokneråda, men å få ei solid økonomistyring krev samarbeid. Det å få etablert kompetanse som kyrkjelyden får del i gjennom å tilsetje innanfor eit større område, det har me kjempegod erfaring med. Me synest det er heilt naturleg. Eg trur me må ha ei viss sentralisering i eit grisgrendt område for å kunne oppretthalde desentralisering. Viss ein i det heile kan kalle eit slik samarbeid for sentralisering.

Han tek med eit atterhald om at einingane ikkje blir for store og at dei skjer innan område som allereie samarbeider naturleg.

---

Prostidiakon i Vest-Telemark

  • Den fyrste stillinga av sitt slag i Noreg, oppretta i 1985.
  • Er leiar for Den norske kyrkja si omsorgsteneste i kommunane Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid, som tidlegare utgjorde Vest-Telemark prosti. I 2015 blei prostiet slått saman til Øvre Telemark prosti.
  • Tokke kyrkjelege fellesråd er vertsfellesråd for prostidiakonen, og tek seg av ting som løn, ferie etc.
  • Svarar til styret for Prostidiakonatet i Vest-Telemark.

---

Valuta for pengane

Kommunehuset i Vinje ligg eit par steinkast unna Kakeringen. Når kantina der ber litt vel mykje preg av pandemi-dvale, er det freistande for ordførar Jon Rikard Kleven å stikke innom. Og det gjer han også i dag.

Vanlegvis er kanskje større einingar og sentralisering raude flagg for senterparti-politikarar, men det er ikkje mykje slikt å hente i denne samanhengen hjå Kleven.

– Då er ikkje alltid kommunegrensene er så viktige og denne måten å jobbe med diakoni på er kjempebra, meiner ordføraren.

– Fleire i DNK er redde for den kommunale finansieringa viss ein går over til større einingar. Kva tenkjer du om det?

– Me har stor tillit til kvarandre i Vest-Telemark, og me i Vinje kommune har tilbod som personar frå nabokommunane har nytte av og omvendt. Det handlar om å ha ein beredskap, ein veit aldri kven som har bruk for den.

Sak om prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein. Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven til høgre.

Kleven nemner gongen han blei nedringt av misnøgde hytteeigarar som blei nekta hyttepåske i kommunen. Nazist-ordførar, hjernedød tulling og kongen på haugen var berre nokre av karakteristikkane.

– Då kom han der ruslande inn på kontoret og lura på korleis det gjekk og ville prate litt, seier Kleven og nikkar mot diakonen.

Spleiselag

Erikstein har nok også sjølve jobben sin takka vera spleiselaget mellom dei grisgrendte kommunane, som neppe ville oppretta eigne, fulle diakonstillingar. Men kva med dei som jobbar i meir folketette område?

I ein del jobbar, slik som min, kan ein koma for nært inn på folk. Det er ein skåna for når ein jobbar i eit større område.

Prostidiakonen ser ljost på framtida til DNK, og håpar erfaringane frå Vest-Telemark kan bane veg for det han trur blir ei enklare og betre kyrkje.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke