Kirke

Markerar eitt år med korona: Vil la heile Noreg tenne ljos i Nidarosdomen

SORG OG HÅP: Du kan tenne ljos både fysisk og digitalt i Nidarosdomen 12. mars. - Me vil samle all sorg og liding frå året som er gått, og alle bøner, ynskje og håp for det som ligg framfor oss, seier sokneprest i Nidaros domkirke.

Det er ikkje berre dei som bur i Trondheim som skal kunne tenne ljos. Du kan nemleg også tenne eit digitalt ljos på Nidarosdomen sin eigen bønevegg. For kvart digitale ljos vil nokon tenne eit fysisk ljos for deg i kyrkja den 12. mars. På bøneveggen vil du kunne sjå når ditt ljos brenn.

– Det er eitt år sidan pandemien kom inn over oss. Me spurte oss sjølve kva me kunne gjera i den samanhengen. Me ser at folk er i sorg, har mista jobben, er fortvila og lir, medan andre har det heilt greitt. Me er så fragmenterte, og det er vanskeleg og samlast. No ynskjer me at me kan samle all sorg og liding frå året som er gått, og alle bøner, ynskjer og håp for det som ligg framfor oss, seier sokneprest i Nidaros domkirke, Andreas Hilmo Grandy-Teig.

Nysgjerrig og spent

Tanken er å invitere til eit fysisk og digitalt fellesskap på same tid. Og vil du heller reise innom Nidarosdomen og tenne eit fysisk ljos, er det ope for det mellom kl. 09.00 og 14.00 den 12. mars, og det vil vera ljos tilgjengeleg i kyrkja.

– Eg er nysgjerrig og spent på om dette er noko menneske set pris på, seier Grandy-Teig.

Sjølv om akkurat denne måten å gjera det på er ny, har dei god erfaring frå eit liknande, men mindre tiltak.

– Fleire kyrkjelydar, oss inkludert, har gått ut og sagt at «no er me her» og sagt at folk kan seie ifrå så tenner me eit ljos for dei i kyrkja. Det har folk sett pris på.

I tillegg til å vera ei lokal kyrkje for kyrkjelyden har me i oppgåve å vise at me som nasjon står saman.

—  Andreas Hilmo Grandy-Teig, sokneprest i Nidaros domkirke

Preses dukka opp for å tenne ljos

Preses Olav Fykse Tveit er på visitas i Trondheim og nytta høvet til å bli med på markeringa då han var i nærleiken av domkyrkja.

Han ville tenne ljos for håp og for alle dei som har sendte inn bøner.

Preses Olav Fykse Tveit er i Trondheim på visitas, og da han var i nærheiten av domkirka kom han innom for å være med og tenne lys for håp, og for alle
som har sendt inn bønner.

Spesiell stad

Grunnen til at dei no opnar for ljostenning frå heile landet, er at dei opplever at mange i Noreg har eit spesielt forhold til Nidarosdomen.

– Det er ein sentral stad for tru og håp i landet vårt, og dei gongene me har hatt digitale tilbod, som til dømes julegudsteneste, får me tilbakemeldingar om at folk rundt om i landet kjenner ei tilhøyrsle til Nidarosdomen. I tillegg til å vera ei lokal kyrkje for kyrkjelyden, har me i oppgåve å vise at me som nasjon står saman.

Han seier dei har planen klar. Fyrst skal dei tenne ein kross laga av kubbeljos. Den skal stå i den såkalla Tårnfoten (midten av kyrkja). Så er håpet og fylle Tårnfoten med ljos, både frå dei som kjem fysisk innom og dei som har lagt det inn digitalt. Det er god plass i kyrkja, og soknepresten er ikkje redd for kapasiteten.

12. mars er det et år siden koronapandemien stengte landet ned. – Vi markerer dagen med at alle som ønsker kan tenne lys i Nidarosdomen, både fysisk og digitalt, sier sokneprest Andreas Grandy-Teig.

Har bedd kvar dag

– Me har godt med ljos og ein plan for korleis me skal vera der for å ta imot, seier han muntert.

Og alt skal så klart skje etter gjeldande smittevernreglar. Men viss det blir mykje digital ljostenning må kanskje nokon av desse ljosa bli tent fysisk på laurdagen.

Grandy-Teig håpar tiltaket kan gjera at folk kjenner at ein står saman om å håpe.

– Å tenne ljos er eit fint uttrykk for håp. Me har bedt for folk i ulike livssituasjonar i pandemien kvar dag i Nidarosdomen, og no vil me invitere folk til å vera med på det.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke