Kirke

Like samlande som kongen

I ungdomstida var murane høge mellom innanfor og utanfor, mellom oss kristne og dei andre. Så trefte eg ein livsnytande pater i Trondheim.

Gunhild Roald

Medlem i Den norske kyrkje

Like sikkert som at vi ein gong i veka skulle ha røykatorsk med gaffelmoste poteter og smelta feitt til middag i barndommen, var det at vi skulle i kyrkja kvar søndag. Ein måtte gå på skule, ein måtte gå på gudsteneste og ein måtte gå på fjellet etterpå. Dette kunne ha slått begge vegar, men eg var i sanning eit kristent barn. Som 8-åring laga eg ein song kor hovudrimet var: «Det er jo en gave å få være i Guds have!» og som tenåring var eg leirprest på barneleir.

Kyrkja i ryggmergen

Som vaksen elskar eg framleis lyden av orgelbrus og kyrkjeklokker, og eg elskar synet av blankpussa messing og messehagl. Eg er ho som ivrig reiser seg og set seg på dei rette stadene, syng av full hals på alle salmar og alltid syng diskantstemma på «Amen» og «Halleluja».

«Kva skjer no?» kviskrar venninna mi – som ikkje fekk lov til å gå på søndagsskulen då ho var lita – idet to kjortelkledde ungdommar fiskar fram to blåsebelgliknande tingestar frå ein stad framme i koret. «Dei skal samle inn pengar. Det heiter kollekt. Ein kan vippse også», seier eg kjekt og drar fram telefonen.

Kyrkja sit i ryggmergen, no som i barndommen. Men det har vore nokre omvegar.

Dei høge murane begynte rase

I fleire av dei kristne miljøa eg var innom i ungdomstida, var murane høge mellom innanfor og utanfor, mellom oss kristne og dei andre. Det var mykje fokus på himmel og helvete og det viktigaste i livet var å ikkje ha sex før ekteskapet. I sofaen heilt bak i klasserommet, som vi hadde kjøpt på loppis, brukte eg mange av timane – kor formålet var å jobbe med vekeplanen – til å prøve å frelse dei heidenske gutane i klassen.

Etterkvart begynte det å skurre med innanfor og utanfor. Dei høge murane begynte å rase saman. Ja, eg trong ei verd som kjendest heil, og ei kyrkje som kunne romme alt og alle som betydde noko for meg.

Eg søkte etter denne heilskapen både i buddhisttempel og katolske kloster, i pinsekyrkje og på bar. Eg fann han i møte med ein irsk munk som sa: «Hadde eg vore fødd i Midtausten hadde eg vore muslim. Hadde eg vore fødd i Thailand, hadde eg vore buddhist». Der eg sat med piggsveis og spesialsydd, men likevel «oversized» munkedrakt frå ei reise Vietnam, fall brikkene på plass.

Uboden gjest frå ungomstida

Like skilsettande var det å bli kjend med den kloke, slagferdige og livsnytande pater Olav i Trondheim. Eg hadde nettopp forelska meg i ein ikkje-truande mann – som aldri hadde brukt orda liturgi eller sakristi – og innanfor-utanfor-refleksen frå ungdomstida kom tilbake som ein uboden gjest. Eg fortalde om denne mannen til pateren som ei syndsvedkjenning. Han sette sine karakteristiske og lunstrenge auge i meg og sa mellom snusleppene: «Då er det lurt å ikkje basere forholdet på at du skal omvende han!» For meg bidrog dette til å heile ei oppstykka verd.

Verda kjennest heil når eg kjem ut frå gospelmesse i den fullsette steinkyrkja i bydelen vår, Ila, saman med mi humanetiske venninne. Vi går med ivrige steg over til den lokale puben for å få gode plassar på «After Church», kor presten skal samtale med min redaksjonskollega i menigheitsbladet om temaet «farget, fremmed og feminist».

Verda kjennest heil under Åpen mikrofon i Vår Frue Kirke. Den gamle dama speler ragtime så pianoet nesten knekk, den hardbarka typen får hjerta til å breste når han syng «I natt jag drömde» og den vevre, unge jenta har kvinna seg opp til å lese eit dikt ho skreiv på den mørkaste dagen. «We shall overcome!» syng vi i kor, eg med ei salig mine, attlatne auge og diskant på tredje vers.

Kyrkje med opne armar

Eg håper, ønsker og trur kyrkja kan vere like stødig og samlande som kongen, Espen Rostrup Nakstad og NRK. Stødig og modig, ikkje fordi ho er sta og steil, men fordi ho står der med opne armar som ei god og trygg mor og kjempar for dei som fell utanfor. Framleis søker eg mot orgelbrus og kyrkjeklokker, slik foreldra mine gjorde, og besteforeldra og oldeforeldra mine før dei. Men innanfor og utanfor har hamna på skraphaugen – saman med røykatorsken.

Fem kjappe med kåsøren

Den balanserte kyrkjegjengaren Gunhild Roald påstår å vere både målretta og lat. I sommar tek ho seg tid til både bøker og venner.

– Kva meir enn medlem av Den norske kyrkje er du?

– Mor, kone, dotter, søster, venninne, elsyklist, førsteamanuensis i rådgjevingsvitskap ved NTNU, songar og komponist for vokalkvartetten Smyr og redaktør for Ilen menigheitsblad.

– Korleis vil du beskrive deg sjølv?

– Målretta og lat, livsnytande og asketisk, ansvarsfull og flink til å seie nei, glad i å dra i gang sosiale lag og veldig glad i å vere for meg sjølv.

– Kva er det beste med Den norske kyrkja?

– Den lange tradisjonen ho står i og evna ho har til å vere ein aktiv og levande del av samfunnet her og no.

– Korleis var det å kåsera om kyrkja di?

– Vanskeleg og gøy – ein balansekunst: å harselere utan å såre!

– Kven har du som forbilde når det kjem til komikk?

– Marianne Meløy!

– Kva skal du bruka sommarferien på?

– Ete ost og drikke vin, lese bøker, ta morgonbad, gå mange små turar, bli betre i sjakk. Prate lenge og flire mykje med familie og gamle og nye venner. Kanskje skrive litt.

LES MER:

• Identitetspolitikk er bare et nytt ord for en gammel sak

• Å la tingene snakke til oss

• De kristne startet den lange kampen om helligdommene

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke