Kirke

Biskop Veiteberg ber om aksept frå NLM

Oslo-biskop ber leiarar i Misjonssambandet akseptere henne som kristen. - Vanskeleg å svare på, seier informasjonsleiar Espen Ottosen.

I ein fersk episode av podkasten «Ottosen og Generalen» møter Oslo-biskop Kari Veiteberg informasjonsleiar Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og generalsekretær Øyvind Åsland i NLM til samtale.

Under tittelen «Einige om det meste?» dykkar NLM-leiarane og biskopen inn i spørsmål knytt til tru, fattigdom, misjon og bibellesing.

­­To ulike verder

– Eg trur lyttarane vil tenke at vi rett og slett oppheld oss i to ulike verder, kommenterer Espen Ottosen i etterkant av samtalen.

På førehand hadde dei tre blitt samde om å sjå bort frå samlivsspørsmålet, altså likekjønna samliv. Likevel skil dei lag i ei rekkje saker, meiner Ottosen - og dreg fram: Læra om Jesus og om misjon, og ord som forkynning og omvending, som openberre ting som dei verker til å ha vesensulike forståingar av.

– Eg skulle likt å vite om kva ho faktisk legg i det å forkynne evangeliet, til dømes. Kva ho meiner om det å forkynne til omvending, seier Ottosen.

I samtalen understrekar Åsland og Ottosen at misjon er den viktigaste oppgåva dei som ein kristen organisasjon har. Dei vektlegg at det er viktig å nå folkegrupper som ikkje er kjende med evangeliet; dei «minst nådde». Ottosen meiner Veiteberg var avvisande til ei slik form for misjon.

– Det viser kanskje kor ulikt ein tenker sjølv om ein begge nyttar omgrepet misjon, ho frå Kirkens Bymisjon og vi frå Norsk Luthersk Misjonssamband. Det blir tolka særs ulikt, seier Ottosen.

«Kunne ha lese bibeltekstar saman»

– Utgangspunktet mitt for å gå inn i samtalen var at vi oppfatta kvarandre som kristne. Så trur eg at eg har ein litt meir samansatt innfallsvinkel enn dei, seier biskop Kari Veiteberg om misjonsspørsmålet.

– Noko av den grunnleggande kritikken eg kjem med, er at kyrkja har hatt ei kolonialistisk tilnærming i møte med andre kulturar, at vi ikkje tok på alvor rikdommen i den kulturen vi kom til, at dei vi møtte blei sittande igjen med ein bibel som i stor grad var kvit, fortel Veiteberg.

Ho er samd i at samtalen var forma av ulikskapen dei imellom.

– Eg synst vi blei engasjerte av kvarandre. Eg skulle ønske dei i større grad var nysgjerrig på min bakgrunn og at vi også kunne ha lese meir bibeltekstar saman. Samtalen bar preg av at eg var på deira banehalvdel, seier Veiteberg.

Fattigdom og kvinnesyn

Andre ting som Veiteberg utfordra dei to samtalepartnarane på, var knytt til kvinnesyn og fattigdomsproblematikk. I podkastsamtalen utfordrar ho Ottosen og Åsland: Dei rettar ikkje nok merksemd mot fattigdom og undertrykte grupper, dei brukar heller krefter på saker som «ikkje er like viktige».

– Eg skulle ønska dei i større grad ville vise seg villige til å kjempe for dei papirlause menneska i Noreg og barna i Moria-leiren i Hellas til dømes, seier Veiteberg.

At NLM ikkje godtar kvinnelege prester gjer vondt for biskopen.

For meg er det heilt grunnleggande i mitt gudsbilde og i mi tru. Å forkynne ein bodskap som seier at alle er like mykje verd og har like mange moglegheiter ser eg fram til at også NLM vil gjere, seier Veiteberg.

Kristent mangfald

Både Ottosen og Veiteberg seier dei vil møtast på nytt, gjerne for å lese fleire bibeltekstar. Akkurat her fortel Espen Ottosen at biskopen overraska han.

– At ho sa at ho ikkje hadde problem med å tru på jomfrufødselen, og at ho ikkje avviste at Jesu blei straffa på korset av Gud, det overraska meg litt, fortel han.

I samtalen la Veiteberg vekt på det ho meinte «ligg alle på hjarta»: å spreie evangeliet i ord og handling og at det å lese Bibelen er å tolke. I det same andedraget ber ho om aksept.

Aksepterer de biskop Kari Veiteberg som kristen?

Det er litt vanskeleg å svare på. Eg erkjenner at ho vedkjenner seg som kristen, noko eg tek på alvor, men om ho står for det eg vil kalle for ein klassisk kristen teologi, det må eg vedgå at eg framleis er usikker på, seier Ottosen.

– Samstundes er det ikkje mi oppgåve å godkjenne eller stemple trua til andre menneske som mindreverdige. Det overlet eg til Gud.

LES OGSÅ:

«Ottosen og eg bør heller samarbeida om å få barn i Syria heim til jul»

Biskop Veiteberg drar vår empati i tvil

Dette var ikkje ein biskop verdig, Kari Veiteberg

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke