Ber kyrkjelydar ta ansvar for systerkyrkjer
Gjennom aksjonen «Sammen som kirke i hele verden», oppfordrar Den norske kyrkja til pengeinnsamling og forbøn for systerkyrkjer i andre land.
– Vi har sendt ut brev til alle kyrkjelydane i bispedømet, der vi oppmodar dei til å vere kreative i korleis dei kan vere med å støtte systerkyrkjene, seier biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen. Her frå Kyrkjemøtet i Trondheim i fjor.
Joakim S. Enger
– Ni av 11 biskoper oppfordrar no kyrkjelydane sine, og det tikkar inn frå hele landet, seier ein opprømd Knut Hallen, leiar for Samarbeid, menighet og misjon (SMM) i Den norske kyrkja.
Initiativet til aksjonen «Sammen som kirke i hele verden» er tatt fordi koronapandemien og nedstenginga av samfunnet kan få svært store konsekvensar for systerkyrkjene våre og det globale arbeidet til misjonsorganisasjonane.
- Mange av de menneska som våre nasjonale kyrkjer og samarbeidspartnarar arbeider med og for, mistar no sitt livsgrunnlag. Når krisa rammar, er det viktig at vi fokuserer på dei svakaste og ser kva kanalar vi har til å støtte. Våre kyrkjelydar har i samarbeid med misjonsorganisasjonane eit unikt høve til å gjere noko i denne situasjonen, forklarar Hallen i pressemeldinga dei har sendt ut.