Kyrkjer tilbyr drive-in-skriftemål
– Prestar må, som alle andre, vere kreative og tenke nytt, seier Corey Bassett-Tirrell, prest i Massachusetts, USA.
Prest Stephen Tilley sit i bilen sin under eit skriftemål i Utah, USA. Biletet er frå 22. mars 2020.
Rick Bowmer
«Vi er tom for pommes frites, men tilgjeving er gratis», står det på eit skilt på ein parkeringsplass i Chelmsford, ein liten by i den amerikanske delstaten Massachusetts. På eit anna, står det: «Dagens – Frukost: skriftemål. Lunsj: skriftemål. Middag: skriftemål.»
Skriftar frå eigen bil
Stengde kyrkjer og heimekontor under koronakrisa, har fått mange kyrkjelydar verda rundt til å tenke nytt for å kunne nå ut til sine medlemmar.