Brå omstilling
- Det er ei utfordring at ikkje alle heng med på dei nye flatene, ikkje minst ein del av dei eldre, sier Vidar Mæland Bakke.
- Vi som kyrkjelydar lærer nok veldig mykje nytt. Det er lettare med videomøter enn vi trudde. Og så håper eg denne perioden kan føre til refleksjon rundt kva ein kyrkjelyd er, seier Vidar Mæland Bakke, prest i Bymenigheten i Sandnes.
Caroline Teinum Gilje
Presten i Bymenigheten i Sandnes trur mange prestar no kjenner eit sterkt behov for å vere til stades for dei som treng det. Det kan vere krevjande å få til når ein må arbeide heime.
– Korleis er arbeidskvardagen din no?
– Ganske annleis. Vi er få tilsette og kvardagen er prega av at dei fleste av oss arbeider heimafrå. Dei første vekene har det vore frenetisk aktivitet. Allereie første søndagen prøvde eg meg på ei direktesending frå kontoret mitt heime, på Facebook. Sidan fekk eg hjelp frå frivillige til å sette opp eit studio. Vi har auka talet på gudstenester og det er større oppslutning om dei no enn før.
Bestill abonnement her
KJØP