Kirke

Hardt ut mot ny «momsfelle»: – Treff frivillige organisasjonar som ein haglskur

Nye momsreglar kan skremme frivillige organisasjonar frå å samarbeide med Den norske kyrkja, fryktar Øystein Dahle i KA.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Hovudproblemet er at vi ikkje veit korleis formuleringane i forskrifta kan slå ut. Det gjer oss usikre, seier Øystein Dahle.

Han er direktør for avdeling for sektorpolitikk og styring i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter.

– Då den nye forskrifta kom, vart vi veldig urolige, held han fram.

Tett samarbeid

I oktober 2018 vart ny forskrift for momskompensasjon til frivillige organisasjonar vedtatt av Kulturdepartementet. I den er det lista opp fleire organisasjonar og verksemder som ikkje oppfyller vilkåra for kompensasjon. Blant dei er Den norske kyrkja, sidan dei får dekka sine kostnadar gjennom tilskot frå staten.

– Problemet er at den nye forskrifta seier at organisasjonar som er knytt til kyrkja heller ikkje får momskompensasjon. Og er det noko som pregar Den norske kyrkja, så er det tett samarbeid med frivillige organisasjonar, seier Dahle.

Han ramsar opp:

– Det gjeld nesten alt av arbeid i kyrkjelydane. KRIK, Acta, alt arbeid innan misjon. Vi har til dømes ikkje ein eigen bistandsorganisasjon i kyrkja, vi har Kirkens Nødhjelp.

Vantru

Dahle tok kontakt med Kulturdepartementet i mars 2019 for å spørje om tanken bak den nye forskrifta. Departementet utformar regelverket, medan Lotteritilsynet handhevar det.

I eit brev datert 11. april 2019, svarar avdelingsdirektør i Kulturdepartementet, Per Kristian Aasmundstad, at endringa i hovudsak er ei vidareføring av tidlegare praksis: «Det er ikke slik at samarbeid med disse organene i seg selv er ekskluderende for deltakelse i ordningen.»

I oktober i fjor fekk likevel Sjømannskyrkja avslag på sin søknad for momskompensasjon. Akkurat som frykta, ifølgje Dahle:

– Sjømannskyrkja er ein frivillig organisasjon med sitt eige styre. Samtidig er der ei forståing mellom Sjømannskyrkja og Den norske kyrkja om arbeidet i utlandet. Dei er absolutt knytt til kvarandre.

Økonomisjef i organisasjonen, Hein Kvalheim, reagerte med vantru då han fekk beskjeden.

– Vi hadde sett høyringsutkastet og det ga ingen nye føringar som kunne ramme oss. Vi kan framleis ikkje forstå det.

– Sjømannskyrkja vart tildelt over 4,5 millionar kroner i momskompensasjon i 2018. Kor viktig er det for dykk å få desse pengane?

– Kjempeviktig. Fire millionar er ei formue for oss. Om vi ikkje får kompensasjon, må vi gjere drastiske kutt.

Sjømannskyrkja har klaga på vedtaket og klagen vert no behandla hjå Lotteritilsynet.

– Urimelig

Ikkje alle organisasjonar med tilknyting til kyrkja fekk avslag i fjor. Men IKO Kirkelig pedagogisk senter måtte endre samansetnaden av sitt representantskap for å unngå avslag.

– Vi var på eit orienteringsmøte i mars i fjor og forsto då at vi var for nær Den norske kyrkja for å få kompensasjon. Så vi innførte ein regel om at ingen organisasjon kan ha fleirtal i representantskapet, seier IKO-direktør Marianne Uri Øverland.

– Kva tenker du om den nye forskrifta?

– Det kjennest urimeleg. Men vi har klart å tilpasse oss.

Øystein Dahle i KA fryktar at forskrifta vil føre til at frivillige organisasjonar kan bli redde for å samarbeide med kyrkja.

– Formuleringa er så upresis. Den seier ingenting om kva departementet er ute etter og den treff organisasjonane som ein haglskur. Mange føler kanskje at dei må halde seg på trygg avstand frå kyrkja for å ikkje hamne i denne momsfella, seier han.

Dahle meiner denne regelen i forskrifta må gjerast på nytt.

Fleire har fått avslag

Kulturdepartementet vil ikkje kommentere enkeltsaker. Det skriv kommunikasjonsrådgjevar Simon Stjern i ein epost til Vårt Land. Han skriv vidare at den nye forskrifta presiserer at «Den norske kirke (Dnk) og virksomheter med sterk tilknytning til denne, ikke skal motta kompensasjon». Det var behov for å synleggjere dette i samband med skiljet mellom stat og kyrkje, ifølgje Stjern.

Ifølgje departementet er det fleire organisasjonar som har fått avslag som følgje av endring i regelverket.

---

Momskompensasjon

  • Ny forskrift om momskompensasjon vart vedtatt i oktober 2018 og trådde i kraft 1. januar 2019.
  • Fleire oppfyller ikkje vilkåra for å få kompensasjon. Ein av dei er Den norske kyrkja. I den nye forskrifta kan heller ikkje «organisasjoner som direkte eller indirekte er tilknyttet» kyrkja, dei kyrkjelege fellesråda eller sokneråda, få momskompensasjon.
  • Ifølgje Kulturdepartementet er hovudmålet med endringane å gjere ordninga meir treffsikker.

---

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes er journalist i publiseringsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kirke